Årsmøte i Gol venstre

Årsmøte i Gol venstre som vart avvikla sundag 13. januar, hadde få endringar ved val av styre. Helge Feet vart attvald som leiar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Årsmøtet vart i år halde på Gol kommunehus sundag 13. januar kl. 17.00. Deretter hadde venstrelaga i Hol, Ål og Gol felles møte som vart avslutta med felles middag på Brasseriet Valore.

Av årsmeldinga går det fram at Gol Venstre har hatt eit svært aktivt år med i alt 18 medlemsmøte og gruppemøte. Laget har vidare hatt eit fellesmøte med dei andre venstrelaga i Hallingdal og eit ope møte på Gol i slutten på august der partileiar Trine Skei Grande var med. Tema var "Samferdselsutfordringane våre".
Gol Venstre har tre representantar i kommunestyret. Dei har jobba aktivt i formannskapet og utvala og har hatt mange innlegg i kommunestyret.
Hallvor Lilleslett vart vald til ordførar i kommunestyret 9. mai.

 Hallvor Lilleslett er ordførar i Gol

Hallvor Lilleslett er ordførar i Gol
Foto: Tor Folgerø

B.Val av styret:
Leiar: Helge Feet, attval for eit år
Nestleiar: Vlasta Sundmoen, ikkje på val
Skrivar: Gunhild Sørum, attval for to år
Kasserar: Hallvor Lilleslett, attval for to år
Styremedlem: Erlend Grubben, ikkje på val
Vara: 1. Line Marie Nilsen, 2. John Henning Johannessen, 3. Gudrun Bøthun,
4. Sigurdis Ingimundardottir, 5. Sander Lilleslett.
Revisor: Ola V. Stake
Valnemd: Gudrun Bøthun, Hallvor Lilleslett, Per Drabløs.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**