Haram Venstre fremja eit resolusjonsframlegg på årsmøtet til Møre og Romsdal Venstre som gjekk ut på å få oppført Hamnsundsambandet på den politiske dagsorden. Konkret ville vi at Hamnsundsambandet måtte kome med på prioriteringslista til fylket over store samferdselsprosjekt, i tillegg til at Møre og Romsdal Venstre må leggje til rette for realisering av prosjektet når planarbeidet er ferdig.
Resolusjonen blei handsama av redaksjonsnemda på årsmøtet, og årsmøtet vedtok å oversende den til vidare handsaming i fylkesstyret.
Framlegget i sin heilskap er å finne på nettstaden vår.