Presentasjon av Sissel Urke

Dette er Sissel Urke fra Ål – 4. plass på Buskerud Venstres stortingsvalgliste 2013.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

 Sissel Urke - 4. kandidat på Buskerud Venstres stortingsvalgliste 2013

Sissel Urke – 4. kandidat på Buskerud Venstres stortingsvalgliste 2013
Foto: JS

SISSEL URKE (47) STORTINGSKANDIDAT

Sissel er Sunnmøring som flytta til Ål og Buskerud i 1992. Ho er gift og har 3 barn.

Sissel er utdanna sjukepleiar, med vidareutdanning i psykiatri og Master i Familieterapi. Ho har sin yrkesbakgrunn frå somatisk sjukehus, vidaregåande skule, og psykiatri. Frå 2011 er ho ansatt i Bufetat, den statlige barne, ungdoms- og familietetaten, der ho arbeider som familieterapeut.

Miljøpolitikken vekte den politiske interessa til Sissel, og ho starta karriera med å legge emballasje frå tannpasta og kaviartuber tilbake i butikkhyllene eingong på slutten av 80- talet. Eit stort og inkluderande Venstremiljø på ÅL sette fart på engasjementet, som ho seier "Og sidan har Venstre vore eit sjølvsagt val for meg"

Sissel er inne i sin 3. periode som representant for Venstre i Ål kommunestyre, forrige periode også som medlem i formannsskapet. Denne tida har ho og vore medlem i Sektorutval for helse- og sosial, der ho inneverande periode er leiar. Kultur- og helsepolitikk har vore viktige saker for Sissel, og i 2009- 2010 leia ho arbeidet med Kulturplan for ÅL, eit viktig strategisk dokument for utviklinga i kommunen. Som mangeårig ansatt ved Hallingdal sjukestugu har ho vore opptatt av framtida til sjukestugu.

"Sjukestugu er og skal vere ei avdeling der Vestre Viken skal drive desentraliserte sjukehustenester i tråd med intensjonen om å sentraliserer det ein må og desentralisere det ein kan. Men det skal og vere ein arena der kommunane gjennom eit forpliktande samarbeid kan tilby sine innbyggjarar tenester som vi er for små til å greie på eiga hand. Felles lokalisering for spesialisthelsetenesta og knutepunktet for interkommunalt samarbeid sikrar større fagmiljø og effektiv ressursutnytting. "

"I helse- og velferdspolitikken er det viktigste fokus for meg at vi klarer å mobilisere til auka fokus på førebyggjande arbeid. Det må skje i relasjon til det frivillige livet gjennom samspelet med familien, det sosiale nettverket og lokalsamfunnet."

Kontaktinformasjon:
Sissel Urke
Knausevegen 9, 3570 Ål
Tlf: 99246742
E-post: [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**