— Du er velkommen til Bergen, her skal du få stå i kø

Venstre-toppar på Vestlandet reagerer på utspel frå partifelle i Akershus. — Akershus bør lesa Venstre sitt program på nytt!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Andersland_Bybanen

Foto: Mathias Fischer

Eit utspel frå Venstre sin andrekandidat i Akershus, Siri Engesæth, får partifellene på Vestlandet til å sjå raudt, melder NRK. Akershus-kandidaten tar til orde for at samferdsletilbodet elles i landet bør prioriterast ned, til fordel for det sentrale austlandsområdet.

— Akershus må lesa Venstre sitt program ein gong til. At me prioriterer Bergensbanen, E39, og kollektivtilbod også i byane utanfor Oslo er ettertrykkeleg slått fast, seier Julie Andersland, som er gruppeleiar for Venstre i Bergen.

Bør oppleve køene i Bergen
No vil Andersland invitera Siri Engesæth til å stå i kø i morgonrushet i vestlandshovudstaden.

— Då trur eg ho vil sjå behovet for å satsa kollektivt også utanfor Oslo, seier Andersland.

Forslaget om å gjera kyststamvegen mellom Kristiansand og Trondheim ferjefri, er eit av forslaga Engesæth meiner bør leggjast vekk.

— Eg synst absolutt regjeringa må vurdera om ferjefri E39 er det tiltaket dei vil gjennomføra i staden for eit velfungerande kollektivtilbod i Oslo og Akershus, seier Siri Engesæth.

Mona_Haugland_Hellesnes

Foto: Reinhold Kager

Ser seg blind på Austlandet
Fylkesvaraordførar i Hordaland Mona Hellesnes, også ho frå Venstre, ønskjer òg å vera med på bilturen.

— Her ser Engeseth seg blind på lokale tilhøve på Austlandet, meiner fylkesvaraordføraren.

Ho meiner at samferdslepolitikk er klimapolitikk, også utanfor det sentrale austlandsområdet.

— Å bygga jernbane mellom dei store byane handlar ikkje om distriktspolitikk. Det handlar om å redusera CO2-utslepp, seier Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**