Bibliotek utan framtid

Nord-Aurdal Folkebibliotek er regionbibliotek for heile Valdres og treng nye lokale for ei ny tid. Knut Aastad Bråten og Eivind Brenna i Valdres Venstre vil ha eit nytt bibliotek for framtida i sentrum av Fagernes, og samstundes frigjera areal for andre kulturformål.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Nord-Aurdal Folkebibliotek er i dag ein viktig møteplass for innbyggjarane i kommunen, men er også regionbibliotek for innbyggjarane i alle Valdres-kommunane. Utfordringane for biblioteket er mange: Dei gamle lokala ligg i eit eldre kjellarlokale, plassmangelen er stor, fasilitetane er gamle og slitte. Nyleg kom det signal om at biblioteket skal redusere opningstidene på grunn av trong økonomi.

I kommunedelplanen for kultur, idrett og friluftsliv, som vart vedteken i kommunestyre 14. februar i år står det også at biblioteket har ei utfordring med noverande lokale. "Biblioteket har i dag ikke lenger studierom og ideelt sett skulle tjenesten vært synlig fra gateplan for å være lettere tilgjengelig for publikum."

Bøker, skole

Foto: Microsoft

I ei sak i Aftenposten (23.02.13) kjem det fram at dei kommunale bibliotekbudsjetta er prega av store kutt, noko som fører til færre tilsette og eit dårlegare tilbod. Det blir kjøpt inn færre bøker enn tidlegare. Utlånet til vaksne har også gått nedover. "Det totale bilete er skremmande", seier Ingeborg Rygh Hjorthen, leiar i Norsk bibliotekforeining.

Det betyr ikkje at oppgåvene for biblioteket blir færre eller mindre krevjande. Biblioteka skal i større grad styrke banda mellom biblioteka og ulike aktørar i samfunnet, slike som lag og foreiningar, politikarar, ungdomsråd, næringsliv og liknande, heiter det. I Stortingsmelding nr. 23, Bibliotek: kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid ligg det føringar med tanke på dei satsingsområda biblioteka skal ha framover. Mellom anna skal folkebiblioteka formidle "opplysing, kultur og kunnskap, vera ein garantist for ytringsfridomen, vere ein møtestad og gje rom for opplevingar."

Valdresbiblioteka, ei samanslutning av alle biblioteka i Valdres, har utarbeidd ei bibliotekplan for alle biblioteka i Valdres for dei neste fire åra. Denne skal vedtakast politisk i alle kommunane. Planen gjev visjonar og strategiar for utviklinga av biblioteka fram mot 2017, og syner korleis Valdresbiblioteka skal møte ei framtid i rask endring.

Så, kva bør skje med folkebiblioteket i kjellaren på kulturhuset på Fagernes? Er det politisk vilje til å satse på eit nytt og framtidsretta bibliotek i Valdres?

I løpet av 2013 og 2014 opnar Posten Noreg over 170 nye Post i Butikk over heile landet — også på Fagernes. Det betyr at noverande posttenester i Skysstasjonen blir flytt ut og over i nye lokale, til Coop Extra. Store og flotte lokale blir med andre ord snart ledige.

Valdres Venstre meiner framtidas regionbibliotek kan etablerast i nettopp Skysstasjonen. Lokala er svært godt tilpassa eit framtidsretta folkebibliotek og dei tenestene eit bibliotek treng: Lokale ligg godt synlege på bakkenivå, vis-à-vis skysstasjonen, er lett tilgjengeleg for alle, er universelt og funksjonelt utforma, har mange rom til både studieplassar, møtelokale og stillesone. Dessutan er lokala store — over 600 m2, noko som er dobbelt så stort som noverande bibliotek.

Eit nytt bibliotek i Posten sine lokale vil vera med å styrke og vide ut kultursentrum endå meir: Gjennom heile året er det fleire kulturarrangement i denne delen av bygdebyen, på Skiferplassen og i parken, og i Kulturhuset på andre sida av gata. Eit nytt bibliotek i nye lokale vil ikkje minst vera med å frigjera noverande bibliotekareal til andre og nye kulturformål, til dømes produksjonslokale for teater eller konsertar.

Fagernes Skysstasjon er eit aksjeselskap med fleire eigarar: Oppland fylkeskommune, Nord-Aurdal kommune, Etnedal bilruter, JVB Eigedom, Norgesbuss AS og Nettbuss Drammen AS. Dei største eigarane er Oppland fylkeskommune og Nord-Aurdal kommune, som eig 20 av totalt 30 aksjar. Det offentlege er med andre ord premissleverandør for kva lokala skal brukast til. Nord-Aurdal kommune og Oppland fylkeskommune har alle moglegheiter til å syne musklar og fylle lokala med offentlege tenester — med kultur, bøker, debattar, forfattarmøte. Om dei vil.

Nord-Aurdal folkebibliotek treng nye lokale for ei ny tid. Flytt biblioteket inn i posten sine lokale!

Valdres Venstre
v/Knut Aastad Bråten og Eivind Brenna

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**