Odd Einar Dørum kjem til Haram!

Tidlegare Statsråd Odd Einar Dørum har takka ja til å halde innlegg på kulturkafeen 8. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

En solid Venstre-trio; Thomas Vadset, Ole Johan Høyberg (begge Haram Venstre) og Odd Einar Dørum.

En solid Venstre-trio; Thomas Vadset, Ole Johan Høyberg (begge Haram Venstre) og Odd Einar Dørum.

Haram Venstre vil markere starten på valkampen med eit brak og har difor invitert sjølvaste Venstrehovdingen Odd Einar Dørum. Han kjem for å tale om Venstre si nøkkelrolle ved årets Stortingsval, og vil i tillegg få moglegheita til å oppleve kva innbyggjarane lokalt meiner.

Dørum har tidlegare vore ei årrekkje på Stortinget og tenestegjorde som samferdselsminister og justisminister i Bondevik I og vidare som justisminister i Bondevik II.

Høyberg og Farstad

Høyberg og Farstad

I tillegg er vi heldige å få besøk av Møre og Romsdal Venstre sin stortingskandidat Pål Farstad for å halde innlegg om kva han vil utrette på Stortinget. Det blir opna for at tilhøyrarane kan stille aktuelle spørsmål til både Farstad og Dørum.

Arrangementet startar 15.15. Alle som vil kome er hjarteleg velkomne.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**