-Vend blikket mot sjøfronten til Manger

Sjøfronten til Manger er ei perle med stort potensial for utvikling, men den treng å rustast opp, bli meir levande og meir tilgjengeleg for folk. Bustadbygging i kombinasjon med tenesteytande næringsverksemd kan vere løysinga, meiner Radøy Venstre sin gruppeleiar, Frode Hervik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Radøy er ei øy og kommunesenteret Manger ligg ved sjøen, men med ryggen mot sjøen, akkurat som mange andre tettstader langs vestlandskysten. Sjøfronten til Manger verkar i dag forlatt. Kaiområdet rundt gamlebutikken er dødt, Manger fiskemat er lagt ned, deler av det gamle naustmiljøet i Mangersvågen står til nedfalls og Mangerspollen er forureina.
– Det er på tide å gjere noko med dette. Når kommunen skal i gong med utarbeiding av ein områdeplan for Manger sentrum må ein gjere dette som eit grundig tettstadutviklingsprosjekt, må ein fokusere på korleis Manger kan verte ein meir attraktiv stad å bu, etablere bedrifter og besøkje. Nøkkelen ligg i moglegheitane i sjøfronten, seier Hervik.
– Mellom anna bør ein vurdere ei omregulering av industriområdet på kaien til bustad og tenesteytande næring dersom noverande eller framtidige eigarar skulle ynskje det. Det må understrekast at det er avgjerande å sikre å ålmenta tilgang til sjøfronten, seier Hervik.
– Dersom ein skal lukkast med eit slikt prosjekt er ein heilt avhengig av eit tett samarbeid mellom kommunen, næringslivsaktørar og grunneigarar, og det er dialogen mellom desse partane som vil vise kva det er mogleg å få til. Det er iallfall rom for både bustadutvikling, gjestebrygge/båtplassar og helst også tenesteytande bedrifter, som til dømes overnattings- og serveringstilbod, seier Hervik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**