Driftsstyret Ruseløkka skole 14.5.13

Driftsstyret på Ruseløkka skole hadde sitt siste
møte før sommaren på tirsdag 14.5.
Følgjande saker er verdt å nevne:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


REFERAT MØTE I DRIFTSSTYRET RUSELØKKA SKOLE 14.5.13:

Økonomi:
Budsjettet ser ut til å halde så langt, og det er
ein situasjon som er meir positiv enn på fleire år.

Aktivitetsskolen:
Driftsstyret hadde bede om ei vurdering av om
antalet plassar som var satt av til heil- og
halvdagsplassar var optimalt. I dag er 30 % av
plassane halvdag. Spørsmålet var om AKS ved å ha
færre halvdagsplassar kunne auke inntektene noko
og om desse inntektene kunne brukast på litt
hyppigare mat og betre mat. Hittil har det vore
mat tre dagar i veka. AKS-leiar anbefalte
driftsstyret ikkje å endre fordelinga på plassar,
og den anbefalinga fulgte driftsstyret. Sidan
økonomien til skulen er noko betre, meinte
AKS-leiar at ein hadde midlar til å nå målet om
hyppigare og betre mat, og ho sa at det vil bli
starta opp frå og med kommande skuleår. Det går
ca 136 barn på AKS dette skoleåret.

Permisjonssøknader:
Oslo har vedteke ein eigen standard for
permisjonssøknader. Rektor informerte om at denne
blir teken i bruk frå kommande skuleår. Nye
reglar er at det blir svært vanskeleg å få lovleg
fri frå undervisning, unnateke for svært
spesielle grunnar. Driftsstyret drøfta kva
betydning dette ville ha for antalet som søkte,
om antalet ulovlege permisjonar, og om
administrasjonens arbeid med søknadsbehandling
samt med oppfølging av ulovleg fråvære.

Elevrådet:
Elevrådsrepresentantane har vore svært deltakande
i driftsstyrets møter dette skuleåret og har
bidrege med eit godt innblikk i kvardagen til
elevane. Eit innspel er at driftsstyret bør ta
større hensyn til elevanes meiningar eller
ønskjer under behandlinga av saker som direkte vedrører elevane.

Helsing
Tore Wilken Nitter Walaker
Driftsstyremedlem Ruseløkka skole
(Oppnevnt av BU, for Venstre)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**