Klima og miljø

Venstre er eit moderne og solid miljøparti. Er miljø viktig for deg, så er det å røysta Venstre det beste valet du kan gjera. Les her litt om korfor.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Video hentet fra YouTube. For full video klikk her.
Klima

Foto: Klimavalg 2013

Grøn og borgarleg

I motsetnad til andre parti som er opptatt av miljø, er Venstre heilt tydelege på at me ynskjer oss ei ny, grøn og borgarleg regjering.

Det er gledeleg at miljøpolitikk er i vinden, og spesielt gledeleg at veljarane, ifølge ein Infact-måling, meina at Venstre har størst truverd i miljøpolitikken.

Veljarane som bryr seg om miljøet bør definitivt røysta Venstre i år, for dette valet handlar om meir enn om me skal ha bilar i gågata på Vikjo, eller om me skal bygga ned strandsonen på Huglo: Det handlar om kva slags regjering som skal styra Noreg dei neste fira åra.

Miljøet treng ikkje fleire festtalar, men konkret handling. Det er her Venstre har ei svært viktig rolla å spela. Me skal gjera den nye regjeringa grønare og varmare.

Spørsmålet du som skal røysta må stilla deg er: bør me verkeleg bora etter olja i dei aller mest sårbare områda våre? Nei, meiner Venstre, ja meiner Høgre og FrP.

Skal me gjere det billigare og enklare å reisa kollektivt? Ja, meiner Venstre, og vil prioritera Bergensbanen, trygg ferjefri E39 og Hurtigbåtar lokalt, og påliteleg framkommelegheit for buss og elbil.
Eg er glad for at så mange veljarar vektlegg miljøsaka når dei skal røysta. Venstre sin miljøpolitikk er både ansvarleg og realistisk, og vår store styrke er at me kombinerar ein offensiv miljøpolitikk med ein god politikk for næringa og småverksemder.

Det er inga andre parti som kan visa til toppkarakterar både frå NHO og ei samla miljørørsle. Me trur ikkje at løysinga for å bygga framtidas fornybarsamfunn er å skru klokka 30 år tilbake i tid — me er teknologioptimistiske og trur på grøn vekst.
Me har dei gode løysingane, no ber eg deg om tilliten til å gjennomføra dei.

Mat, frukt, grønt

Foto: Microsoft

Eit sunnare og grønare momssystem

Venstre føreslår ei omlegging, fornying og forenkling av momssystemet. Konkret føreslår Venstre at økologiske produkt, frukt og grønt fritas for moms.

Det tyder ein kraftig stimulans mot eit summare kosthald og eit meir miljøvenleg landbruk. Vidare innebærar endringa at redusert sats på matvarer (i dag 15pst) opphevast og at den generelle momssatsen reduserast med eit prosentpoeng til 24 prosent. Samla vil dette innebere ein avgiftslette for privatpersonar, organisasjonar og verksemder som ikkje er mva-registrert på ca 1,2mrd kroner.

Les meir om Venstres syn på:
Korfor Venstre og «Folk Først» ved dette valet?
Skule og utdanning.
Verdiskaping og næringspolitikk.
Stopp sniksentraliseringen av lokalsjukehusa!
Oversikt over saker frå Stord Venstre denne valkampen.
Stortingsprogrammet til Venstre 2013-2017.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**