Billig valkamputspel frå Senterpartiet og Ivar Brevik

Ivar Brevik har i Buskerudsendinga idag sådd tvil om at utbygginga av LMS ved Hallingdal sjukestugu lar seg realisere ved eit evt skifte til borgarleg regjering etter valet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**

Tema sykehus

Foto: Illustrasjon

Det må ikkje vere tvil om at Venstre er enig om intensjonen i samhandlingsreformen. Det Venstre var kritisk til var finansieringa, vi var bekymra for at kommunane skulle sitte med for stort ansvar faglig og økonomisk før en var forberedt til det.

Samhandlingsreformen er byråkratisk, med kompliserte finansieringssystemer som ikkje er fullfinansierte, noko som skaper uforutsigbarhet for kommunane og pasientane og heller ikkje henter ut potensielle samhandlingsgevinster. Dette bør også Ivar Brevik bekymre seg for.

Det er ei kjensgjerning at kommunane i landet har møtt utfordringane med Samhandlingsreforma svært ulikt, slik at ein kan diskutere om virkemidla stimulerer kommunane til å utvikle helsetenester lokalt slik som intensjonen er.

Her i Hallingdal er denne bekymringa ugrunna, her har alle kommunane gått sammen om lokalmedisinske tenester i samarbeid med sjukehuset for å skape gode helsetenester til folk i Hallingdal. Det er både samfunnsmessig og driftsmessig effektivt. Inga regjering uansett farge vil forkludre det. Det Venstre har sagt er at det som virker skal viderførast og det som ikkje virker må justerast.

Eit blindspor kun til å skape uro
Brevik skaper også et inntrykk av at private helsesaktørar vil utkonkurrere det offentlige i Hallingdal. So vidt eg veit brukar alle kommunane i Hallingdal private aktørar som eti suplement for å bemanne sine helseinstitusjoner. Det er vanskelig å sjå føre seg at private aktørar vil sjå verdi i å tilby helsetenester i konkurranse med det offentlige i Hallingdal.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**