Sånn kan me få verdas beste skule

Venstre vil gi skulen eit skikkeleg løft, og fremjar 10 tiltak for ein betre skule der ei satsing på lærarane står sentralt. Dette skriv Frode Hervik, leiar i Radøy Venstre i eit lesarinnlegg i Nordhordland og Strilen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


No står me i byrjinga av eit nytt skuleår, og 66 000 lærarar er i gong med undervisning, knapt 3000 av dei er inne i sitt første år som lærarar. Det går ikkje an å understreke nok kor viktig desse lærarane er for kvart enkelt skulebarn, for deira framtid og for kva dei skal få ut av sine utdanningsløp. Å satse på lærarane våre er utan sidestykke den viktigaste investeringa me kan gjere som samfunn. Dersom me fortset med politikken til den raudgrøne regjeringa, vil me mangle heile 11 000 lærarar i grunnskulen i 2020, i følgje Statistisk Sentralbyrå. Dette er ein viktig grunn til å ynskje regjeringsskifte.

Allereie i dag manglar 9000 av lærarane i skulen fagkompetanse i faget dei underviser i. Samstundes er tempoet i etter- og vidareutdanninga så lavt at det vil ta 35 år å gi fagleg påfyll til dei som treng det. I tillegg mistar me kvar tredje lærarstudent i løpet av utdanninga, og me har 37 000 ferdig utdanna lærarar som jobbar andre steder enn i skulen. Utan å gjere noko med dette, vil me i åra framover få ein dårlegare skule.

Venstre meiner at ambisjonen alltid må vere at den norske skolen skal vere den beste i verda, og at politikarane må gjere nokre klåre prioriteringar for å strekke seg mot det målet. Då kan me ikkje behandle læraryrket som eit annanrangs yrke, slik den sittande regjeringa har gjort. I staden må me satse på læraren ved å gi dei meir tillit i eige klasserom, ved å gjere lærarutdanninga betre og gjennom å gi alle den etter- og vidareutdanninga dei treng. Venstre vil doble løyvingane til dette allereie i statsbudsjettet for neste år.

Vidare vil Venstre gjennomføre ei tidsbruksundersøking i skulen, og kutte skulebyråkratiet med 25 prosent. Slik vil lærarane få høve til å gi elevane det beste av seg sjølve. Andre tiltak som Venstre foreslår er mellom anna å betre og utvide lærarutdanninga til femårig, betre seniortiltak og å etablere 1000 fleire stillingar i skulehelsetenesta i løpet av fire år. Politikk handlar om å prioritere, og Venstre er krystallklår på å prioritere skulen.

Frode Hervik,
Leiar, Radøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**