Årsmøte med inspirerande fellessamling venstrelaga i Hallingdal

I samband med fellessamling hadde dei einskilde lokallaga også sine sine årsmøte. Hallvor Lilleslett vart vald til ny leiar i Gol venstre etter Helge Feet som har hatt vervet i mange år. Helge Feet held fram som nestleiar i laget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Gol venstre hadde årsmøte sist sundag 12. januar saman med dei andre venstrelaga i Hallingdal, Hol V, Ål V, Gol V og det nystarta Hemsedal Venstre. Denne gongen var vi på Sundre Gjestestugu på Ål.
Fyrst hadde laga sitt årsmøte kvar for seg, deretter hadde vi felles møte med kulturelt innslag,og avslutta med deilig middag saman.

Årsmøte i Gol Venstre

Årsmelding og reknskap vart godkjent, budsjett for 2014 vedteke, likeså Møteplan for 2014. sjå eige oppslag på heimesidene.

Val:
Leiar (ny) Hallvor Lilleslett
Nestleiar Helge Feet
Skrivar Gunhild Sørum
Kasserar Vlasta Sundmoen
Styremedlem Per Drabløs
Vara: Line Nilsen, Gudrun Bøthun, Sigurdis Ingimundardottir, Sander Lilleslett.
Revisor: Ola V. Stake
Utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre 7 — 8 februar 2014:
Hallvor Lilleslett og Helge Feet
Valnemd: Gudrun Bøthun (leiar), Kitty Line Scheen, Ingebjørg By Teigen

Fellesmøtet samla mange deltakarar frå heile dalen.

Erik Hørluck Berg, Venstres landsmøte 2013

Foto: Tove Hofstad

Nestleiar i Buskerud Venstre Erik Hørluck Berg kom med refleksjonar etter Stortingsvalet i sept 2013:
Valet vart det nestbeste for venstre etter krigen, bra at vi ikkje sit i regjering med Fr.p., men at vi er med Kr.f. som opposisjon i Stortinget.
Medieinteressa for venstre har auka kraftig. Venstre sette eit markert merke på budsjettet med ei togsatsing på 600 mill kr.
Store saker framover: Kommunalreforma og nytt stort sjukehus i Drammensområdet og behalde sjukehusstrukturen slik han er i dag, inkludert sjukestugu på Ål.
Ola Vaagan Slåtten kåserte om "Bærekraftig utvikling". Han tok for seg ulike sider ved omgrepet.
Ein stor takk til Ål Venstre for ein fin kveld!
Vel møtt til viktige diskusjonar på våre møter!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**