Året har vore prega av normalt politisk arbeid både lokalt og på fylkesplan. Leiaren i Hå Venstre, Tom Henrik Rosseland, er også kasserar i Fylkesstyret noko som gir god kontakt med det politiske arbeidet elles i fylket. Fleire av medlemmene har også vore aktive i ulike organisatoriske verv på fylkesplan og på årsmøter.
Hå Venstre har hatt auke i medlemstalet dette året også og er svært nøgd med det.
Det vart valt nytt styre som nå ser slik ut: Leiar Tom-Henrik Rosseland, kasserar Mindor Hatlegjerde, sekretær Jon Arne Silgjerd og styremedlemmer May-Linn Njærheim og Janet Johansen.
Årsmøtet noterte seg tilfreds at tankane om å byggja dobbeltspor på jernbanen sørover frå Sandnes endelig er i ferd med å slå rot. Dette har vore Hå Venstre si store valgkampsak i mange år og det er flott å sjå at denne saka nå er blitt viktig for fleire parti.
Årsmøtet vedtok også ei politisk fråsegn om den prosessen som regjeringa har sett i gong når det gjeld kommunesamanslåing.
Les også: Uttalelsen om kommunesammenslåing
Viktige arbeidsoppgåver framover blir å fylgja med på kommuneplanprosessen i Hå og koma med innspel til denne.