Innlegg: INGA SKAM Å SNU I TIDE

Som folkevalt i Gulen Kommune er eg no vitne til at tilbodet i omsorgstenesta kan bli svekka. Det kan eg ikkje berre sitje å sjå på utan å prøve stoppe det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Ved førre val gjekk SP til val med løfte om å tilbakeføre nattevaktene i dei ulike heimesjukepleie-sonene. Dei gjorde eit veldig bra val, inngjekk samarbeid med Høgre, og saman skal dei no stå for det dei har lova. Med dei konsekvensane det inneber

Hovudutval for Omsorg hadde saka oppe i førre veke, og torsdag 27.02.14 skal kommunestyret handsame saka; Budsjett 2014 og Økonomiplan 2014-17, Konsekvensar for omsorgstenesta i Gulen kommune. Bakgrunnen for at desse konsekvensane blir eit nødvendig tema er innføring av nattevakter. Og konsekvensane blir nedskjeringar på Gulen Sjukeheim, og evt. noko innan PU.
I eit politisk system som skal fungere godt, er det viktig å snakke høgt om alternativkostander når ein skal gjere gode vedtak. Det vil sei at det bør komme tydeleg fram kva ein mister ved å velje det eine framfor det andre. Når ein sit i møter og vedtek korleis ein skal gripe an ein slik prosess, er ein med å setje prosessen i gang. Ein må tørre å vere tydelig på kva som blir konsekvensane, for konsekvensane kjem om ein vil stå for dei eller ikkje. Det er viktig at dei vert sett ord på, og at alle forstår kva dette inneber.

Slik det no ligg an, skal det skjerast ned ca. 5 stillingar i sektoren, i tillegg til ei stilling som er planlagt kutta frå før. Dette medfører færre sjukeheimsplassar, grovt rekna tilsvarande ei heil avdeling. Pasientane forsvinn ikkje, dei vil ein finne att ute i heimesjukepleiesonene. Dei vil få hjelp på natta av nattevakter, men det vil i tillegg gje eit auka hjelpebehov på dag-og kveldsvakter. Ein risikerer å måtte auke opp bemanninga på dagtid, dette vil gje nye utgifter. Samstundes vil belegget på bu- og omsorgssentera bli tyngre, og ein reduserer mogelegheitene til å forlate sentera for å yte hjelp ute i heimane. I tillegg må ein vurdere alle vedtekne vedtak og tenester , og ein kan rekne med at det som kan fjernast utan å bryte lov, det vil bli fjerna. Vi er i ferd med å skrape til beine.

Kvifor ynskjer ein å tilbakeføre desse nattevaktene? Vi har hatt dei før, den gang hadde kommunen ei svært dyr omsorgsteneste. Etter mange økonomisk vanskelege år hamna vi på ROBEK-lista og det tvinga seg fram store endringar. Endringane vart bl.a. å kutte vekk nattevakter og kokke-funksjonar ute i sonene. Kommunen måtte jobbe etter LEON-prinsippet; lågaste effektive omsorgsnivå. Er det der vi ynskjer å vere? Leon-prinsippet burde vore erstatta av BEON-prinsippet, beste effektive omsorgsnivå. Kanskje det er der Gulen Kommune burde jobbe for å ligge? Uansett; etter ein lang og tung prosess fekk ein etablert ei god heiemesjukepleieteneste, der ein fekk redusert pleietyngda på sentera så ein faktisk hadde høve til å hjelpe heimebuande og dermed trygge denne gruppa brukarar. Tilbakemeldingane frå dei tilsette var at tenesta fungerte svært bra, og fagleg sett var det ingen grunn til å tilbakeføre nattevakter. Men eit val-løfte er eit val-løfte, så ein jobbar imot faglege innspel og tilbakefører nattevakter. Hadde fag og politikk gått hand-i-hand kunne vi etablere gode tenester som varer.

Hadde vi hatt økonomi til å ha nattevakter ute i sonene skulle eg gjerne støtta tenesta, men som eg frykta kjem no konsekvensane; nedskjering på andre tenestetilbod. Gulen Venstre har alltid jobba for å styrke Gulen Sjukeheim, me ynskjer at alle som treng eit heildøgns pleietilbod skal få det ved sjukeheimen. Då kan ein ha heimesjukepleiesoner som fungerer godt på dei tenestene dei skal yte.

Eg ynskjer å understreke saka ved å påpeike at Gulen Sjukeheim driv det godt innanfor rammene, medan vi allereie no har ei dyr heimesjukepleieteneste (KOSTRA-tal). I tillegg kan vi samanlikne oss med liknande kommunar, og vi finn stort sett ei sentralisert omsorgsteneste med sjukeheim, omsorgsbustader og nattevakter til heimebuande i sentrum, medan dei som bur meir desentralisert berre har tilbod om heimesjukepleie på dagtid.
Gulen Kommune har hatt gode år etter at vi fekk kontroll og god økonomistyring. Av erfaring og av respekt for alle som har vore med å jobba seg igjennom den tunge og krevjande prosessen som har vore, håpar eg at vi no kan snu i tide.

Vivian Våge
Medlem Hovudutval for omsorg,
Gulen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**