Venstre støttar gründerhjelp

I førre møte i utval for næringsutvikling og tiltaksarbeid, blei det vedteke at kraftfondet skulle vera med å delfinansiera ei ny stilling i samarbeid med næringshagen på Voss. Føremålet er å leggja meir effektivt til rette for gründerar i både ein idé- og gjennomføringsfase.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Venstres medlem i utvalet og kraftfondsstyret, Knut Olav Nestås, blei sitert i avisa «Hordaland» på at prosjektet er viktig for å ivareta breidda av gründerar og nye prosjekt.

Venstre meiner òg det er positivt at næringshagen og den nytilsette etablerarlosen med dette ønskjer å bidra til styrka fokus og satsing på nye bedrifter. Me er òg glade for at næringshagen sjølv peiker på nytten av at etablerlosen kan vera med på å vurdera skjemamengda for bedriftene på Voss, som er eit mål i Strategisk Næringsplan. Målet blei i si tid føreslått av Venstre, og me er glade for eit kvart tiltak knytt til korleis ein kan forenkla kvardagen for næringsdrivande og bedriftene.

Teknologi, pc

Foto: Luth

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**