Venstre snart klar med valliste i Vindafjord

Venstre har ikkje stilt liste i Vindafjord på over ti år. Den gang i gamle Ølen kommune med Dominikus Nagell Bjordal i spissen. Han sat 16 år i ordførarstolen mellom 1983 og 1999 og var ein velkjent stemmesankar. Ved valet i 2015 ser det ut som at kommunen på nytt får ei moglegheit til å få Venstre-representantar i kommunestyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Vebjørn Halvfjerdvik og Iselin Nybø i Nedre Vats i Vindafjord.

Vebjørn Halvfjerdvik og Iselin Nybø i Nedre Vats i Vindafjord.

Kjartan Alexander Lunde og Iselin Nybø på bedriftsbesøk hos Hatteland i Vindafjord.

Kjartan Alexander Lunde og Iselin Nybø på bedriftsbesøk hos Hatteland i Vindafjord.

Initiativtakar Vebjørn Halvfjerdvik (19) ønskjer ei kursendring i lokalpolitikken. — Me er ein god gjeng som har meld oss inn og er aktive, seier han til lokalavisen Grannar.

Fredag 2. mai var stortingsrepresentant, Iselin Nybø, og fylkesleiar, Kjartan Alexander Lunde, på besøk i Vindafjord. Dei besøkte kunnskapsbedriftane Omega og Hatteland, og i tillegg fikk dei høyra om situasjonen for listestilling i kommunen.

Iselin Nybø, stortingsrepresentant for Rogaland Venstre, meiner partiet høyrer naturleg heime i det politiske landskapet i Vindafjord.
— Eg forstår ikkje korleis de har klart dykk utan, seier ho spøkjefullt og legg til at partiet er oppteke av å ha lister i alle kommunane i fylket, seier ho.
— Før eit lokalval er det alltid viktig å gje folk sjansen til å stemma Venstre. Og for at folk skal ha sjansen, må me ha liste.

Kjartan Alexander Lunde, leiar i Rogaland Venstre, påpeikar at dei som stiller opp til tillitsverv i lokalpolitikken, har stor innverknad på korleis kommunen skal utvikla seg.

— Venstre har eit stort potensiale i Vindafjord, og me treng no ei liste med ei fin blanding av unge og gamle, folk i forskjellige yrke, forskjellige bakgrunn, og samstundes prøva å få ein god balanse av kvinner og menn, seier han til Grannar.

Vil du eller nokon du kjenner i Vindafjord være med på vallista så send ein e-post til [email protected].

Les artikkel om saken i Grannar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**