Miljøpris 2014 vart tildelt Sogn jord- og hagebruksskule

Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland fekk på verdas miljødag tildelt Sogn og Fjordane Venstre sin miljøpris for 2014. Nestleiar Halvor Halvorsen og styremedlem Terje Horvei delte ut årets pris, ein nydeleg vase laga av glasblåsar Merete Rein.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Glasblåsar Merete Rein har laga Miljøprisen 2014

Glasblåsar Merete Rein har laga Miljøprisen 2014

Grunngjeving for tildelinga:

Sogn jord- og hagebruksskule er den einaste heiløkologisk drivne landbruksskulen i landet. Venstre meiner at satsing på økologisk landbruk sikrar ei berekraftig utvikling av landbruket og matproduksjonen i Norge.

Venstre meiner at landbruk er viktig for busetjing i heile landet, og at biologisk mangfald og kulturlandskap er viktig for nasjonal matproduksjon i framtida. Me er for eit landbruk som sikrar at matproduksjonen er trygg, miljøvenleg og langsiktig. Det er viktig for Venstre å stimulere norsk matkultur og produksjon av lokal, kortreist mat og drikke. Sogn jord- og hagebruksskule tek i høgste grad vare på dette.

Gjennom årelangt og systematisk arbeid har skulen bygt opp kompetanse lokalt og nasjonalt på mange ulike felt, her under lokal produksjon av mat. Denne kompetansen er etterspurt i miljøa knytt opp mot økologisk landbruksproduksjon og matvareforedling.

Gardane våre leverer gode produkt og dei treng at vi legg tilhøva til rette for at landbruket framleis skal ha sin plass, ikkje berre i sentrale delar av landet, men også i distrikta. Venstre meiner at Sogn jord- og hagebruksskule gjer eit viktig nybrottsarbeid for å sikre nettopp dette, og ynskjer med denne tildelinga å stimulere skulen til gå i front også i framtida.

Sogn og Fjordane Venstre gratulerer Sogn jord- og hagebruksskule med Miljøprisen 2014!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**