Ein pris på bussen i heile fylket

Venstre fekk i dagens fylkesting fleirtal for at det skal innførast ei takstsone på kollektivtrafikken i Hordaland, i godt samarbeid med Høgre og Frp. Dette er eit kollektivløft for heile Hordaland, seier gruppeleiar Mona Haugland Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Fleirtalet i Hordaland fylkesting, Høyre/FrP/Venstre, vedtar i fylkestinget 11. – 12. juni å utvide ordninga med ein takst på buss i Bergensregionen til å gjelde heile Hordaland.

Mona Haugland Hellesnes

Foto: Elizabeth Toft Erichsen

– Eit enklare sonesystemet var ei viktig valkampsak for Venstre, og med ei takstsone i Hordaland gjennomfører vi tidenes kollektivløft for heile Hordaland, og spesielt for distrikta der det bur mykje folk — ,seier ei veldig nøgd Mona Haugland Hellesnes, gruppeleiar for Venstre på fylkestinget.

Dette vil gjere billetteringssystemet mykje meir effektivt enn det er i dag, mykje billegare å nytte kollektiv , og meir effektivt både med påstiging og administrering. Eit forenkla sonesystem opnar for at alle kan nytta Skyss sin billett app, og gjer det enklare å gjennomføre reiser på tvers av fylket.

Vi skal gjere det så enkelt som mulig å bruke kollektivtilboda, og her tar vi eit stort løft. Vi er dei første i Norge som gjennomfører eit slikt tiltak. Med ei overgangstid på 2 timar vil du kunne reise i store delar av Hordaland på ein billett.

Trolleybuss TIDE Buss

Foto: Alf Helge Greaker

Med dette vedtaket i dagens fylkesting har fylkestingsgruppa oppfylt følgjande punkt frå programmet 2011-2015:
Lage fleire einskapstakstsonar i Hordaland
Effektivisere av- og påstiging på bussane i Hordaland
Gjere billetteringssystemet meir effektivt
Venstre vil la overgangstida på ein billett gjelde to timar uansett reisestrekning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**