– Ikkje mobb distrikta, Per Sandberg!

Høgre/Frp-regjeringa har lagt fram eit statsbudsjett som skrur klokka tilbake når det gjeld bilavgifter. Regjeringa svir av nær 1,5 mrd kr på å subsidiere gårsdagens fossile køyretøy, men kjem ikkje med dei avgiftslettene på nye miljøvenlege køyretøy som miljørørsla, NAF, bilprodusentane og samarbeidspartia Venstre/Krf ventar på, skriv Alfred Bjørlo, Venstre-ordførar i Eid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Innlegget stod på trykk i Dagbladet 14.11.2014.

Alfred Bjørlo

Alfred Bjørlo
Foto: Vidar Helle

I NRK Politisk Kvarter 13/10 prøver Frp-nestleiar Per Sandberg å legge skulda på distrikta for denne bakstreberske avgiftspolitikken.

Han framstiller miljøvennlige køyretøy som eit «Oslofenomen», og seier at det er av omsyn til distrikta og «bilistene utenfor Sinsenkrysset» ein må skru tida tilbake i avgiftspolitikken.

Med all respekt: Dette er tull og tøys. Per Sandberg sine distrikt er i alle fall ikkje min kvardag – som ordførar i ei mellomstor distriktskommune.

Sjølv i eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane er no nullutsleppsløysingar på full fart inn. Nettet av hurtigladestasjonar blir raskt utbygd.

Berre i mi heimkommune Eid kjem to hurtigladestasjonar opp i løpet av 2014 – i samarbeid mellom energiselskap, lokalt næringsliv og offentlege aktørar. Eid kommune leaser no inn den første elbilen i våre tenester.

Fleire vil kome. For mykje av kvardagskøyringa i ei kvar distriktskommune er elbil eit ypperleg alternativ.

I tillegg er det rett som bilistane sin eigen organisasjon NAF påpeiker: Tida er overmoden både for avgiftslette på plug-in hybridbilar – med rekkevidde som ein vanleg fossilbil – og ein total gjennomgang av bilavgiftene for konsekvent å stimulere til lågutsleppsløysingar.

Det vil både by og distrikt tene på – for ikkje å snakke om miljøet.

Å vente med å modernisere bilavgiftene av omsyn til distrikta, er så bakstrebersk at det ikkje er til å tru i 2014 frå ein såkalla sentral politikar.

Så ikkje mobb distrikta, Per Sandberg: Vil du ha 1980-talets bilavgifter tilbake, får du finne deg andre sanningsvitne enn moderne bygdemenneske.

Tru det eller ei: Folk flest utanfor Sinsenkrysset klarer å ha to tankar i hovudet på ein gong.

Hybridbil

Foto: RoSo

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**