Tom Henrik Rosseland

Tom Henrik Rosseland (45) er Venstre sin ordførarkandidat i Hå. Han kallar seg sjølv ein stasjonsunge frå Varhaug.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Tom Henrik Rosseland

Foto: Jon Arne Silgjerd

Tom Henrik, du kallar deg sjølv stasjonsunge frå Varhaug. Er du sikker på at veljarane i Hå vil meina det er positivt ? Han tar denne provokasjonen fint og flirer godt.

— Det er stor forskjell på å vera stasjonsunge og det å vera frå gard i Hå. Men samtidig er det stor forskjell på å vera stasjonsunge og det å vera byas — og eg trur nok dei fleste i Hå viser storsinn i høve til bakgrunnen min.

Men så har du i tillegg kryssa ei viktig grense — nemlig Ånå — og flytta til Nærbø. Korleis kan det gå an?

– Å, du veit, det hadde som vanleg noko med kvinnfolk å gjera — seier han med eit lurt smil – og når det i tillegg førte med seg at me kan bu på ein stad der ungane kan veksa opp i rolege og trygge omgivingar så var det eit enkelt valg å ta. Eg har tidligare budd nokre år på ein gard på Søyland og er opptatt av at bøndene skal ha gode vilkår. Det har var mykje hardt arbeid, men du verden for ein god stad å bu.

Då er det kanskje ikkje så rart at du er opptatt av miljøpolitikk og jordvern heller kanskje ?

– Nei, det er svært logisk. Matproduksjon og miljøvern høyrer nøye saman. Difor er miljøpolitikk alfa og omega i denne bransjen, og difor meiner eg at det er det naturleg for bønder å velja Venstre. Det er det partiet som har sagt akkurat dette lengst og med størst truverd. Eg arbeider som autorisert rekneskapsførar og i den bransjen er det slik at me arbeider dag og natt frå 1. januar til eingong ut i mai/juni når alle årsoppgjer er ferdige. Resten av året har me det ganske makeleg og kan t.d. driva aktivt med jakt og fiske og anna friluftsliv og då blir ein bare endå meir oppteken av miljøpolitikk.

Hm, interessant å sjå at liv og lære på eit vis heng saman. Er det derfor du driv og masar om desse småbedriftene og?

– He he, ja det er heilt naturleg, smiler han. Eg er partner og aktiv eigar i eit større rekneskapsbyrå som arbeider for ei lang rekke små og mellomstore bedrifter på heile Nord-Jæren, og eg ser dagleg kva problem dei slit med. Det er desse som er ryggraden i næringslivet vårt, og det er ingen tvil om at det offentlege Norge kunne vore mykje flinkare til å leggje til rette for dette.

– Og igjen, koplinga til landbruket kjem igjen her også — ein gard er også ei lita bedrift sjølv om den er sterkt regulert. Eg er ikkje tilhengar av å la marknadskreftene rå fritt slik som FRP vil, men eg kunne svært godt tenkja meg at bøndene blir tatt på alvor også som bedrifter og eg vil gjerne sloss for at bøndene skal få betre vilkår.

– Ikkje gløym den store og omfattande næringsmiddelindustrien som er avhengig av at landbruket i Norge fungerer godt. Hå er ein av dei viktigaste matproduserande kommunane i landet og dette må politikarane i Hå aldri gløyma. Det burde vore servert Hå-kylling på kvart einaste kommunestyremøte for å minna dei på det, seier den magre mannen med eit stort smil.

Ellers, Tom Henrik, det ryktast at du er tilnærma sportsidiot som både er opptatt av idrett og som trenar aktivt sjølv fleire gonger i veka med alt frå sykling til innebandy i gymsalen på Høyland. I tillegg har vi fått med oss noko om ei fortid som kasserar i supporterklubben til Bryne

– Ja, idrett er viktig for å halda seg i form og dessutan flott terapi etter ein lang dag på jobb. Og med ungar i den alderen der dei verkeleg har glede av aktivitetane i idrettslaget så ser eg stadig at det arbeidet dei gjer er umåteleg viktig. Kommunen bør verkeleg strekkja seg langt for å få til eit tett og godt samarbeid med alle idrettslaga i kommunen slik at aktivitetane utfyller kvarandre så godt som råd er.

Men supporterklubben til Bryne, kva er det for noko tøys? Han ler hjarteleg og slår tilbake:

– Når Nærbø sitt fotballag kjem opp i 1. divisjon så stiller eg gjerne opp i supporterklubben der i staden. Det med Bryne FK har nok samanheng med at eg budde nokre år på Bryne før eg flytta heim igjen til Hå.

Til slutt, det seiest frå sikre kjelder at det kan vera ganske farleg å treffa på deg i jakttida. Kva har du å seia til ditt forsvar?

— Det er heilt rett om du er ei and, smiler han. Jakt og fiske er ein av mine store hobbyar og andejakta er definitivt eit av høgdepunkta. Eg er medlem i Jæren Jakt og Fiskelag og har vore aktiv i styret der og ei stund forresten. Friluftsliv er nødvendig og viktig i dag når folk arbeider og stressar meir og meir og det er også eit område som kommunane må ta meir på alvor i framtida. Lett tilgjengelege områder for dagleg friluftsliv vil eg gjerne sloss for i kommunestyret, seier Tom Henrik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**