Vindkraft i Hovatn Aust er eit dårleg prosjekt

Arbeidsgruppa mot vindparkar i Setesdal, ved Torhild Austad, har sendt ei grundig og veldokumentert høyringsfråsegn om konsesjonssøknad for Hovatn Aust vindkraftverk til Norges vassdrags og energidirektorat (NVE). Også mange av oss som ikkje bur i Bygland følgjer med i dei mange vindkraftplanane i landsdelen. Venstre er positive til fornybar energi, og vi er som kjent sterke tilhengarar av klassisk miljøvern

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Torhild Austad

Torhild Austad
Foto: Jan Kløvstad

— det å ta vare på landskapet, dyrelivet, fuglelivet, det estetiske, kulturminne og det å kunne ferdast i ein stille og urøyrt natur. Derfor har vi i begge fylkestinga i Agder foreslått samordna planar for heile landsdelen. Vi har kjempa for at vindkraftparken på Lista skulle ligge på nedlagt industriområde og ikkje midt i fugletrekket og noen få meter bak kulturvernområdet, der det ikkje har vore lov til å endre ei dør eller eit vindauge av kulturminneomsyn.

Venstre har vore — og er — positive til vindkraft og solenergi nær der krafta blir brukt, med korte avstandar mellom produksjon og brukar, for å få maksimal effekt utan øydelegging av natur. Område langs E18 og E39 og nær annan støyande verksemd er gode plasseringsalternativ. Lågfrekvent støy skal takast alvorleg, og vi skal unngå støy i urørte naturområde og friluftsområde.

Arbeidsgruppa dokumenterer manglande samanhang mellom dei faglege vurderigane i konsekvensutgreiinga og dei konklusjonane utbyggarane kjem fram til. Venstre er uroleg for kva følgjer ei utbygging av Hovatn Aust vil få for reinstammen (jfr. utgreiingane frå Naturrestaurering). Om villreinen ikkje kan vere i området i anleggsperioder er det tvilsamt om reinen kjem tilbake igjen etterpå. Vidare synest vi det er undersøkt for lite om fuglelivet i området.

Når vi ser vegbygging og anleggsområde på Lista kan vi vanskeleg sjå for oss at kulturlandskapet i bygdene i Bygland og oppe i fjellet kan behalde kvalitetane sine etter utbygging som foreslått. Vi er urolege for kulturmiljø som det verna Haugeloftet, støylar og Tovdalsvassdraget. Det er heller ikkje uvesentleg at eigarane av hus, hytter og støylar truleg vil oppleve ei verdiforringing av eigedomane sine som følgje av visuell og lydmessig forureining

Med ei utbygging vil det bli ein svært redusert kvalitet som friluftsområde. Utbygging vil redusere dei områda på Agder som pr. definisjon framleis har villmarkspreg, og Venstre går ut frå at NVE tar ekstra omsyn til dette i si vurdering av konsesjonssøknaden.

Vi som i mange tiår har kjempa for miljøet er opptekne av CO2-rekneskapen. Å legge vindkraftanlegg nær der folk gir betre miljøeffekt også for skadelege utslepp. Vi må ha med bygging av infrastruktur, framstilling av sement, frakting av turbinar og anna utstyr, utvinning av neodym i Mongolia, dagleg vedlikehald på eit 38 km nytt vegnett, osb i CO2-rekneskapen.

Venstre tilrår nei til vindkraftpark i Hovatn Aust.

Jan Kløvstad
Fylkessekretær i Agder Venstre og andrekandidat på fylkestingslista i Aust-Agder Venstre

.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**