Dårleg politisk teater i Os

Montasje: Erlend Haukeland

Har Os ei politisk leiing som veit kva dei snakkar om?

Svaret er tydeligvis nei når det no avdekkast kva som var realiteten bak det såkalla “Bjørnatryne-alternativet”. Det var dette alternativet som til slutt sørga for at kommunestyret gjekk mot det dei egentlig meinte og sa tja til ei bru over Bjørnafjorden.

I dagens (29.4.2015) Bergens Tidende og Os & Fusaposten utaler dei seg slik:

Ordførar Terje Søviknes (Frp):

“… det var på det tidspunktet vi måtte vurdere ulike ilandføringspunkter at Bjørnatrynet ble et alternativ…”

Måtte vurdere ulike ilandføringspunkter? På det tidspunktet (hausten 2012) måtte ikkje Os vurdere noko som helst. Ei bru over Bjørnafjorden var enda ikkje aktuell politikk, men eit brennande ynske frå ordføraren, noko han aldri la skjul på.

Dei problema vi no kjem til å få med konflikt i søre del av Os er eit direkte resultat av ordførarens handlingar.


Varaordførar Marie Bruarøy (H):

“.. At Statens Vegvesen etter grundig utgreiing konkluderer med at det ikkje er gjennomførbart, tenkjer eg at me må tola..”

Varaordførar Bruarøy har ei imponerande evne til å flytta seg frå standpunkt til standpunkt.

2011: “Ferjefri kyststamveg lagt via Tysnes og Fusa, med inngang til Os ved Hatvikområdet, er noko Høgre vil jobba for i åra som kjem.” (Innlegg på Midtsiden 6.9.2011)

2012: “Ilandføring i Bjørnatrynet verkar som ei grei løysing” (sagt på folkemøtet i Øyane 4.10.2012, åra går fort..)

2015: Bruarøy går for bru i Søre Øyane. Med eller utan kjettinger i følge dagens Os & Fusaposten:

Vågar osingane å stole på Bruarøy si forståing etter dette imponerande løpet frå standpunkt til standpunkt?

Statens Vegvesenet ved prosjektleiar Signe Eikenes:

“..I en tidlig fase er det mulig at vi vurderte det (Bjørnatrynet) som aktuelt, men det hadde ikke vært med hvis det ikke var for at Os ønsket det.. Vi visste jo at Forsvaret hadde tydelige interesser i dete området, og at det teknisk var mer krevende..”.

Allereie på det første folkemøte i Øyane som Os Venstre skipa (Oktober 2012) til kom det fram at Forsvaret sine interesser mest sansynlig ville blokkere for ei ilandføring på Bjørnatrynet. Bjørnatrynet var urealistisk. Likefullt stod ordfører og varaordfører på sitt.

Ordføreren påstår at Venstre ikkje skjønnar seg på korleis slike prosessar er. Kanskje er det nettopp det vi gjør? Eg har brukt så mykje tid og lest meg så grundig opp på bru-prosjektet at eg visste med ein gong at Bjørnatrynet-alternativet var eit oppdikta eventyr. Eit påskudd for å ynskje ei firefelts, 110 km/t monsterbru velkomen inn i den vakre og fredlige skjergarden til Søre Øyane og Søre Neset.

Om ikkje ordføraren og varaordføraren har ført kommunestyret og heile Os bak lyset, har dei i det minste handla og argumentert mot bedre viten. I beste fall har dei ikkje visst kva dei snakka om. Noko som i deg sjølv er alvorleg nok i ei så stor sak for Os.

Eller handlar det om dårleg politisk teater? Om ein ordførar og varaordførar som overspelar rollane som naive lokalpolitikare som ynskjar seg noko anna enn det dei veit dei kan få? Det er i såfall skodespel-prestasjonar til terningkast 1.

I dag blånektar Søviknes og Bruarøy for at dei har ført kommunestyret i Os bak lyset.

Eg trur ikkje veljarane i Os er enige med dei i det.

 

Glenn Erik Haugland

2. kandidat Os Venstre

http://glennerikhaugland.blogspot.no/

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**