Ordførar og asfalt

Ordførarkandidat Radøy
Ordførarkandidat Radøy Venstre

Lesarinnlegg på trykk i Nordhordland 25.04 og Strilen 29.04:

Ordførar Jon Askeland gler seg over at Radøy vil lukte asfalt i år (Strilen 18.4). Det er vel og bra, men han gløymer å nemne at det skjer fordi fleirtalet beståande av Høyre, Venstre og FrP løyvde 60 millionar ekstra til asfaltering. I fylkesbudsjettet for 2015 vart såleis den samla løyvinga totalt 100 millionar til asfaltering. Dette er ei storsatsing.

I samband med fylkesbudsjettet uttala fylkesrepresentantar for Høyre, Venstre og FrP følgjande i ei pressemelding: «No skal det lukte nylagt asfalt i alle kommunar i fylket det kommande året. Dette er eit viktig bidrag til å betre vegstandarden i på fylkesvegane i heile Hordaland. Dette kjem både innbyggjarar og næringslivet til gode». Kor vidt Askeland sin språkbruk er inspirert av H, V og FrP får me la liggje.

Faktum er iallfall at Askeland sitt eige parti berre foreslo halvparten til uspesifisert vegvedlikehald, altså 30 millionar ekstra, og det er slett ikkje sikkert at Radøy hadde fått 19 km ny asfalt dersom Sp sitt budsjettframlegg hadde vorte vedteke (fellesframlegg med Ap). Askeland viser til at han har hatt dialog med Statens vegvesen og fylkeskommunen, og at han derfor gler seg over asfalteringa som skal skje. I og for seg inneheld dette ikkje noko faktisk feil, men han skapar inntrykk av at dette er noko han som ordførar har ordna utan å nemne dei partia som står bak løyvinga. Dermed fortel han i beste fall berre halve sanninga.

Det er all grunn til å tru at Askeland som ordførar har fremja Radøy sine behov for asfalt på ein framifrå måte i dialog med fylkeskommunen og vegvesenet, men ved seinare høve vil me oppmode han om å vere raus også andynes dei parti som gjorde dette mogeleg. For Høyre, Venstre og FrP har ei satsing på asfaltering av fylkesvegar vore ei prioritert oppgåve, fordi det er stort behov for asfalt på svært mange fylkesvegar. Her leverer Høyre, Venstre og FrP, noko det også er på sin plass å nemne.

 

Kenneth Murberg, Frode Hervik, Roy Bø,

Gruppeleiar Radøy Høyre Gruppeleiar Radøy Venstre Gruppeleiar Radøy FrP

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**