Kommunevalprogram 2015-2019

Gol venstre har vedteke kommunevalprogrammet for kommuenvalperioden 2015-2019. Dette er saker Gol venstre ynskjer å prioritere. Her ligg heile programmet. Du finn også ein kortare versjon som er identisk med kommunevalbrosjyren som også blir distribuert til alle husstandane nokre veker før kommmunevalet.

Hallvor Lilleslett - Landsmøte 2015
Ordførar og 1. kandidat Hallvor Lilleslett – Venstres landsmøte 2015

 

Program Gol Venstre – kommunevalet 2015

MÅLA TIL GOL VENSTRE:

Eit nyskapande Gol –samfunn: Eit samfunn i vekst og utvikling!

God økonomi er eit vilkår for kommunal handlefridom til beste for innbyggjarane. Vi må dra lasset saman!

Fridom, kunnskap og framtid for dei unge!

Barn skal ha gode, trygge og stabile oppvekstvilkår

Eit klimavennleg samfunn: Tenk alltid på miljøet!

Vi vil skape eit samfunn som er framtidsretta og berekraftig. Energiøkonomisering og miljøtenking er heilt grunnleggjande.

Velferd når du treng det!

Det skal vera godt og trygt å vera gamal i Gol.

Eit kreativt og verdiskapande Gol-samfunn!

Eit livskraftig næringsliv må heile tida få høve til utvikling og nyskaping. Gol som reisemål må vidareutviklast og profilerast.

Eit inkluderande samfunn!

Der det er plass til alle og alle har ein verdi

Gol kommune – ein grønn kommune i utvikling

Friluftsliv er venstresak. Her frå opninga av friluftslivets år
Friluftsliv er venstresak. Her frå opninga av friluftslivets år

 

Venstre vil arbeide for klimavenlege løysingar i Gol kommune når det gjeld bygningar og transport. Kommunen skal vere eit føredøme når det gjeld å ta i bruk ny teknologi. Venstre ønskjer sentrumsnær busetting og fortetting av sentrumsområdet. Venstre vil ta vare på kulturlandskapet både i dalen og på fjellet og sikre urørde skog- og fjellområde. Eidsvalløyne skal vera friområde som i dag.

Venstre vil:

  • Ha eit fint handelssentrum for gåande og merka sykkelstigar i heile kommunen.
  • Utvikle Gol stasjon som trafikknutepunkt for kollektivtrafikk
  • Styrke kollektivtilbodet i Hallingdal og til og frå dalen
  • Kommunen sine bilar skal ha elektrisk drift
  • Legge til rette turløyper for sommar- og vinterbruk frå sentrum og til fjells
  • Lage plan for vern av gamle hus og kulturminne
  • Vurdere alternative bruksmåtar for det gamle tunet på Kristenbrøten – vern gjennom bruk
  • Stimulere til bruk av alternative energikjelder som solceller, bioenergi, varmebrønnar og fjernvarmeanlegg ved nybygg og rehabilitering
  • Arbeide for realisering av Vegpakke Hallingdal (opprusting av vegen Ørgenvika –Gol)
  • Arbeide for å realisere ny veg Rv 52 Gol-Robru og prioritere Rv 52 som vegsamband aust-vest
  • Fullføre bygging av ny avkøyring frå Rv 7 til sentrum og utvikle dei nye næringsområda ved avkøyringa

Utsyn frå Veikulnatten
Utsyn frå Veikulnatten

Kunnskap, leik, idrett og kultur

Barn og unge sine oppvekstvilkår er viktig for at familiar skal finne seg til rette og slå seg ned i Gol. Barnehagen skal drivast med utdanna barnehagelærarar. Skulen må ha gode rammevilkår. Språkopplæringa for innvandrarbarn må styrkast.

Venstre vil:

  • Vidareutvikle Hallingmoprosjektet og knyte kunnskapsbasert næringsutvikling til Hallingmo
  • Styrke Hallingdal Næringshage
  • Arbeide for å realisere tilbod om høgskuleutdanning i dalen i samarbeid med fylkeskommunen og aktuelle høgskular
  • Sikre gode rammevilkår for Gol vidaregåande skule
  • Vurdere endring i barnehagestrukturen- Betre barnehagetilbodet ved nybygging/modernisering
  • Styrke språk- og kulturopplæringa i barnehagen
  • Sikre romslege friområde og leikeområde for barn
  • Auke kvaliteten i skulen. Lærarane må få høve til å ta del i staten si satsing på etter-og vidareutdanning
  • Vidareutvikle Læringssenteret, ungdomsklubben og kulturskulen
  • Styrke frivillige lag og organisasjonar gjennom tilrettelegging og stimulering
  • Byggje nytt bibliotek, kino-og kulturaktivitetshus

Rustejuvet
Rustejuvet

Helse, omsorg, menneskeverd

Folk skal i alle fasar av livet ha høve til å ha det moro og kunne utfalde seg. Det må vera eit variert arbeidsliv og høve til fritidsaktivitetar

Livskvalitet er å kunne ta eigne val og leva og bu i heimen sin så lenge som råd. Ei godt fungerande heimeteneste er heilt naudsynt. Tenestenivået skal tilpassast den enkelte brukar sine behov og ressursar. Kommunen følgjer opp staten sine målsettingar med å ta imot flyktningar.

 

Omsorg når du treng det
Omsorg når du treng det

Venstre vil:

    • Ta i bruk moderne velferdsteknologi gjennom opplæring og tilrettelegging
    • Styrke demensomsorga gjennom kommunale og interkommunale tiltak
    • Utvikle dagsentertilbodet for eldre både gjennom auka kommunal finansiering og auka bruk av friviljuge eldre som medhjelparar
    • Styrke og utvikle Frisklivsarbeidet
    • Vidareutvikle og styrke heimetenestene også gjennom auka bruk av friviljuge hjelparar
    • Byggje omsorgsbustader/bufellesskap
    • Arbeide for å etablere «Pensjonistservice A/S» (vaktmestertenester, heimehjelp o.a.) i samarbeid med Frivilligsentralen
    • Etablere lavterskeltilbod med miljøarbeidarteneste i tilknytning til helsestasjonen.
    • Styrke helsetasjontenesta for barn og unge
  • Utvikle interkommunalt samarbeid innan psykisk helsevern, særleg for barn og unge.

 

  • Planleggje ny base for psykisk helsevern
  • Etablere prosjekt «Aktiv omsorg med kunst og kultur»
  • Etablere tettare samarbeid mellom kulturavdelinga og omsorgsavdelinga/helseavdelinga

Eit kreativt og verdiskapande samfunn

Eit levande lokalt næringsliv er drivkrafta i lokalsamfunnet. Det gir arbeid til folk og inntekter til kommunen. Ein sterk kommuneøkonomi er grunnlag for utvikling og vekst, god tenesteproduksjon og sosial tryggleik. I møte med gründarar og nyetablerarar skal kommunen sine folk vera positive og løysingsorienterte og hjelpe til gjennom god samhandling. Eit livskraftig landbruk er ein av berebjelkane i bygdesamfunnet og eit vilkår for ein levande turisme.

Landbruket skal sikrast gode rammevilkår gjennom sikring av dyrka og dyrkbar jord. Kulturlandskapet og LNF områda skal sikrast brei plass ved revidering av kommuneplanen. Gol venstre vil gjennom fylkesparti og stortingsgruppa arbeide for at landbruket blir gitt gode økonomiske rammevilkår.

 

Venstre vil:

  • Utgreie ny kommunestruktur i Hallingdal
  • Styrke det kommunale sjølvstyret
  • Arbeide for å etablere nye statlege arbeidsplassar i Hallingdal
  • Arbeide for å få etablert Gol som formelt regionsenter
  • Sikre eksisterande bedrifter gode rammevilkår
  • At det skal vere attraktivt å etablere seg i Gol
  • Gå inn for eit kommunalt tiltaks- og næringsutval
  • Ta initiativ til felles kulturråd mellom kommunen og friviljuge organisasjonar
  • Utvikle nærare samarbeid med nabokommunane i Valdres

 

Gol venstre sine representantar skal vera rause, ærlege, engasjerte, ansvarlege, framsynte og tolerante i sitt politiske arbeid

Venstre sine kandidatar i Gol

Valglogo
Valglogo

  1. Hallvor Lilleslett ( f 1960), kum. Ordførarkandidat
  2. Helge Feet, kum (f 1955)
  3. Jan Kattenberg (f 1961)
  4. Vlasta Sundmoen (f 1967)
  5. Erlend Grubben (f 1981)
  6. Sander Lilleslett (f 1992)
  7. Heidi Myrvoll (f 1961)
  8. Hallgeir Haugen (f 1960)
  9. Dag Stemsverk (f 1954)
  10. Sigurdis Ingimundardottir (f 1953)
  11. Ole Martin Feet (f 1990)
  12. Kjersti Lilleslett (f 1963)
  13. Tor Risdal Stavenes (f 1978)
  14. Ingrid Svellingen ( f 1953)
  15. Per Drabløs (f 1950)
  16. Eivind Vestenfor (f 1997)

Kommunen skal jamnleg sende e-post til studentar, utflytta golingar og andre som ynskjer informasjon om aktuelle hendingar. Epostane har link til heimesidene til kommunen

Gol venstre vil følgje prosjektet Bulyst og blilyst – Hallingdal 2020, som Regionrådet for Hallingdal står bak. Prosjektet har som måsetting å få nye folk til å busette seg i dalen. Det er ei like viktig målsetting at dei som flytter til eller alt bur i dalen, blir buande i regionen.

venstrelogo_1139686874

 

 

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**