Stord-Koalisjonen skal bygga «Kongen på Haugane»

Kongen på Haugane, Illustrasjon: Sakspapir Stord Kommune

Fleirtalspartia Venstre, KrF, Høgre og Sp har gått saman om å gå for prosjektet «Kongen på Haugane»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


– Det er på tide at me får gjort noko med denne skulen. No er økonomien på plass, og ny ungdomsskule har første prioritet for oss på skulebruksplanen, seier ordførarkandidat for Venstre Geir Angeltveit.

Komité for oppvekst og utdanning. Jan Reinemo (KrF), Nina Borrevik (H), Jakob Bjelland (Sp), og Geir Angeltveit (V)
Komité for oppvekst og utdanning. Jan Reinemo (KrF), Nina Borrevik (H), Jakob Bjelland (Sp), og Geir Angeltveit (V)

Planane om å bygga ny ungdomsskule vart satt på vent av økonomiske grunnar, men no er økonomien i kommunen på stell igjen. og det vart varsla at rehabilitering av eksisterande skulebygg kunne verta under halvparten så kostbart som ein ny skule.

– Det var godt å få kartlagt dette. Nybygg er rimelegare og betre enn å rehabilitera dei gamle bygga, og vil ha lågare driftskostnader. Skulen har vore i dårleg stand ei stund, og det som kom fram visar at store delar av bygget uansett ikkje ville kunne rehabiliterast. No slepp ein lura på kva som kunne blitt, og fokusera på det som skal koma.

«Kongen på Haugane» skal i komité for oppvekst og utdanning tysdag 9. juni. Og endeleg vedtak vert fatta torsdag 18. juni i kommunestyret.

– Venstre er veldig glade for at me kan få skikkelege arbeidsforhold for ungdomen og dei tilsette. Det er veldig gledeleg, avsluttar Angeltveit.

Etter dette står Nysæter Ungdomsskule som neste post på skulebruksplanen. Det blir godt å gjera eit stort framskritt som dette no vert for skuletilhøva

Artikkelen om dette kan ein lesa i dagens Sunnhordland, eller på nett, Sunnhordland.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**