Flytting av Hordaland Teater

Anne-Beth Njærheim, Foto: Øyvind Hjelmen
Fylkestinget gav onsdag klarsignal for flytting av Hordaland Teater frå Stend, til Logen i Bergen sentrum.
Hordaland Venstre si Anne-Beth Njærheim er svært nøgd med vedtaket i fylkestinget. Ho heldt følgande innlegg i debatten på onsdag:
Fylkesordfører
Dette er ein sak med godt politisk eigarskap. Å jobbe fram ein løysing som medfører at Hordaland teater, vårt teater, kan etablere seg i Bergen sentrum er ein sak som det har vært jobba med lenge. Vil nytte høve til å gje ros til dei tilsette og styret som har lagt ned mykje arbeid for å få på plass den løysinga som no ligg føre.
Ved å legge til rette for å flytte inn i Logen vil kunne vere med på å løfte opp den nynorske senekunst dit den bør vere her i Hordaland og på Vestlandet. Det er og heilt i tråd med dei mål me har satt oss i PRIMISS KULTUR.
KURE har hatt fleire diskusjonar på korleis løyse dette, og for Venstre sin del så gir vi vår støtte til vedtaket som ligg her. I 2012 gav Venste og KURE vår støtte til at det skulle jobbast med å finne løysingar på lokasjon for Hordaland teater i Bergen, men sa samstundes også at det var ein føresetnad at teateret fortsatt skulle vere eit turnetater og ha produksjoner for Barn og unge. Det er viktig å holde fast på dei signala.
Når det er sagt vil det vere nokon økonomiske føresetnader som skal på plass noko rep. Helland tidligare var inne på. Det gjenstå å sjå kva det innebærer, men vedtaket slik det ligger skaper forventing og det må vi også ta med oss.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**