Valprogram 2015 – Miljø og klima

Ein grøn kurs og eit moderne Hordaland

Klimatiltak er ei billig forsikring for å redusere skader som følgje av global oppvarming i framtida. Venstre sitt mål er å gjere Norge til ein leiande nasjon på fornybar energi, klimateknologi og ny teknologi som reduserer Co2-utslepp i olje- og gassproduksjonen Venstre vil utnytte dei interessante perspektiva som ligg i grøn innovasjon og fornying, og bygge framtida på nye og konkurransedyktige næringar.

Klimautfordringane

Venstre vil:

  • Arbeide for å redusere utslepp av miljøgifter og førekomst av miljøgifter i sjø, samt være svært restriktive til nye utsleppsløyve
  • Auka satsing på utbygging og utvikling av fornybar energi
  • Vidareføre ordninga med miljøfyrtårnsertifisering
  • Prioritere biodrivstoff frå avfall og anna, framfor biodrivstoff laga av mat
  • Revidere fylkesdelplan for vindkraft
  • Elektrifisere bilparken
  • Gjennomføre ein overgang frå fossilt brensel til fornybar energi
  • Bygge minst eitt av dei nye fylkeskommunale bygga som eit plusshus

Venstre ynskjer at alle kommunane i Hordaland skal bli klimanøytrale og at alle kommunale og fylkeskommunale innkjøp skal vere miljømerka. Slik sikrar me ikkje berre at Hordaland reduserer klimagassutsleppa i høve til våre forpliktingar, men me sikrar òg at fylket tek steget over i ein konkurransedyktig, framtidsretta grøn økonomi.

Dei tre store kjeldene til klimagassutslepp er transportsektoren, industrien, og bygningar. I Hordaland står bygningar åleine for halvparten av energiforbruket. Venstre vil ved hjelp av tiltaka frå klimaplanen redusere energiforbruket med 20 % fram mot 2020. Det viktigaste arbeidet her må gjerast i kommunane.

Nye bilar eigde av fylkeskommunen bør nytte elektrisitet eller biogass som drivstoff. Det må også leggast godt til rette for at privatpersonar kan nytte elbil, også i distrikta. For å sikre god produksjon av meir fornybar energi vil Venstre ta initiativ til å revidere fylkesdelplanen for vindkraft. Planen må og sjå på moglegheiter for omlegging til offshore vindkraft.

Hordaland er det største vasskraftfylket i Noreg. Meir bruk av fornybar energi og miljøvenlege løysingar krev auka utbygging av infrastrukturen for kraft. For å legge til rette for fornybar energi vil Venstre ha ein strategi for å ta vare på forsyningstryggleiken. Ein slik plan må òg inkludere utfordringane for produsentar av fornybar energi og sektoren sine kunnskapsbehov. Venstre ser at det kan oppstå motsetnad mellom klassisk naturvern og kampen mot klimaendringane.

Me ynskjer nye, framtidsretta retningsliner for infrastrukturen for kraft i Noreg. Dei må ta omsyn både til lokalsamfunna sine ynskjer og storsamfunnet sine behov. Høgspentliner i luftspenn der det kjem i konflikt med naturvernomsyn eller næringsinteresser er ikkje gode løysingar. For å auke delen av fornybar energi som kan nyttast i eit moderne straumnett, vil Venstre stimulere til etablering av småkraftverk der dette ikkje kjem i konflikt med naturvernomsyn.

Naturvern

Venstre vil:

  • Styre utbygginga av kraftverk i samsvar med vedtekne planar og legge vekt på landskapsvern, friluftsliv og biologisk mangfald • Kartlegge livsvilkåra til dei store rovdyra i fylket.
  • Ha ei bærekraftig oppdrettsnæring
  • Unngå høgspentliner i luftspenn der det kjem i konflikt med særleg viktige naturvernomsyn
  • Prioritere vasskraftutbygging med magasin og utbygging der det er naturinngrep frå før
  • Halde fram ordningar som sikrar nasjonale laksefjordar og laksevassdrag

Venstre vil ta vare på det biologiske mangfaldet. Naturen sitt eige verd må ikkje undervurderast. Venstre ynskjer å jobbe for å få på plass ein plan for rovdyrforvaltninga i fylket.

Hordaland Venstre meiner det er viktig å ivareta det klassiske naturvernet. Der er difor eit mål å ta vare på og verne naturområde og sikre verdifull natur i Hordaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**