Kommunen må bidra til bustadbygging

-Radøy kommune har ein svært dårleg økonomi, men fleire innbyggjarar betyr meir inntekter for kommunen. Derfor bør ein sjå på moglegheiter for at kommunen kan bidra i større grad gjennom utbyggingsavtalar for vatn og avlaup, der kommunen tek ein del av kostnadane, seier Frode Hervik, Radøy Venstre sin ordførarkandidat.

Høyringsinnspel

Bakgrunnen for framlegget er høyringsinnspel til den nye områdeplanen for Bø, der det vert signalisert frykt for at ingenting vil skje på grunn av at utbygging vert for kostbart. Det vert difor etterlyst både eit sterkare kommunalt engasjement for å fremje bustadutvikling, samt endringar i planen mellom anna med smalare bredde på vegane inn i bustadområda, skriv Strilen (24.6).

-I høyringsinnspelet vert det vist til fleire konkrete forslag som vil gjere bustadutviklingsprosjekt billigare for utbyggjar, og dette er Radøy Venstre innstilt på å vurdere grundig. Dersom ein skal lukkast, er ein heilt avhengig av god dialog med næringsaktørar innan bustad- og eigedomsutvikling, samt grunneigarane, seier Hervik.

Utbyggingsavtalar for vatn og avløp

Utbyggingsavtalar er eit heilt vanleg verkemiddel for å sikre realisering av områdeplanar som vert nytta i mange kommunar.

-For Radøy kommune er det umogeleg å inngå omfattande utbyggingsavtalar om kostnadsfordeling på infrastruktur, men ein må sjå nærare på om det er mogleg å inngå utbyggingsavtalar for vatn og avløp. Dette vil iallfall hjelpe utbyggjarane eit lite stykke på vegen, seier Hervik.

-Årsaka til at dette kan vurderast, er at utbygging av infrastruktur er avgiftsfinansiert til sjølvkost. Med andre ord har ikkje kommunen høve til å saldere budsjettet med vatn- og avløpsavgifter, og eit eventuelt overskot kan ikkje nyttast innan andre sektorar. Dette gir eit visst handlingsrom, sjølv med ein elendig kommuneøkonomi, seier Hervik.

-Sidan bustadutvikling fører til fleire innbyggjarar og dermed meir inntekter for kommunen, meiner Radøy Venstre at det må vurderast å begynne med slike utbyggingavtalar for vatn og avløp, i det minste der ein har områdeplanar, seier Hervik.

 

Saka stod på trykk som lesarinnlegg i Strilen 24.6

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**