Sykkelbyen Stord

Frå grøn horisont, til grøn kvardag., Illustrasjon: Geir Angeltveit

Stord Venstre vil satsa på sykkelbyen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Sykkel og gange kan vera den vanlegaste transportmåten mellom heim, skule og jobb. Det er fleire tiltak me vil å ta i bruk for å legga til rette for det.

For at sykkelandelen skal bli høgare, er det viktig med eit godt hovudsykkelvegnett. Målet er ein effektivt og samanhengjande gangveg, og ein sykkelveg kor ein både kan opprethalda høg fart og gå trygt til skule og arbeid, frå bydel til bydel.

Venstre skal:

  • utvikla Sykkelbyen Stord med mål om sykkel som realistisk alternativ til bil.
  • vera ein ambisiøs søkar til statlege tilskotsordningar for investering i gang- og sykkelvegar.
  • sikra meir einskapeleg og tydeleg skilting av dei ulike sykkelrutene.
  • etablera og distribuera gangog sykkelkart.
  • sjå på potensialet for ei reklamefinansiert bysykkelordning.
  • to eller fleire kommunale bilar vert erstatta av elsyklar til bruk for heimebaserte tenester.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**