Byen for fantastisk fritid

Petanqué-parken ved Kulturhuset. Siste tilskot i aktivitetsmangfaldet., Foto: Geir Angeltveit

Kultur og fritid er ei kjelde til opplevingar og eit godt liv. For Venstre har kultur og fritidsaktivitetar ein verdi i seg sjølv. Det er eit sjølvstendig mål å driva med aktivitetar som gir folk livsglede, underhaldning, interesse og meining.

Stord skal vera ein kommune der eit mangfald av aktivitetar vert sett på som eit gode.

For Venstre er det viktig å legga til rette for gode offentlege tilbod, som bibliotek, kulturskule, utsmykking osb. Og å ha anlegg og engasjement for frivillige og private som ønskjer rom til sine aktivitetar. Gode kultur- og fritidstilbod er viktig, men kan ofte vera kostbart. Venstre ønskjer eit mangfald av tilbod, der vaksne og born uavhengig av personleg økonomi skal kunna ha tilgong på stimulerande kulturog fritidstilbod. Slik vil me fremja livskvalitet, ved å ha ein by der alle skal ha tilgong på kunnskap, fysisk fostring, spel, sport og leik.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**