Folkehelsa – Helsefremmande og førebyggjande helsearbeid

Handballfestivalen. Aktivitet og leik., Foto: Geir Angeltveit

Framover vil det bli viktigare og viktigare å legga til rette for ein sunn livsstil.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Folkehelse er aktuelt på mange områder, frå skule til næringsliv og byutvikling. Venstre ser folkehelse i samanheng med andre områder.

Gjennom samhandlingsreforma og auka ansvar for folkehelsearbeidet har kommunen sitt ansvar for førebyggjande helsearbeid blitt viktigare dei siste åra. For liten innsats for å avgrensa og førebyggja sjukdom er blitt identifisert som ei av dei viktigaste utfordringane innan helseog omsorgstenestene.

Me vil bistå folk i å snu dårlege vanar, og å ta inn ungdom tidleg for å skifta uheldige mønster.

Venstre vil:

  • oppretthalda frisklivssentral – eit tilbod om livsstilsendring
  • auka stillingsprosenten som folkehelsekoordinator
  • utvida tilbodet ved frisklivssentralen til å også gjelda yngre.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**