Kunst og kultur

Kunst ved kulturhuset, Foto: Astrid Larsen.

Kultur og aktivitetar har ein eigenverdi i at dei gir livsglede og meining. Venstre vil støtta opp om eit mangfald av aktivitetar, og halda oppe arbeidet med utsmykking av Stord Kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Kunst og kultur som løftar, forundrar og kanskje gjer oss forarga, høyrer med i eit moderne samfunn. Venstre vil arbeida for at me som enkeltmenneske skal få gode opplevingar og kjenna fellesskapen gjennom dei mange ulike kulturtilboda.

Venstre vil arbeida for at mangfald av lag og organisasjonar skal få rammevilkår som gjer dei i stand til å driva med aktivitetar dei har lyst til. Kommunen bør støtte opp om dei lag, foreiningar og initiativ der ein brenn for å bidra i lokalsamfunnet. Kommunen skal ha eit aktivt uteliv med gode føresetnadar. Dette vil skapa liv i sentrum med aktivitetar, servering av mat- og drikke, konsertar og sosiale møtestadar.

Venstre vil:

  • stå i bresjen for kontinuerleg utsmykking av byen vår
  • leggja til rette for lågare leige på bruk av kommunale bygg for organisasjonar
  • oppretthalda ei god og allsidig biblioteksteneste • legga til rette for kulturskuletilbod i bydelane
  • at kulturskulen skal vera tilgjengeleg for alle
  • ha gode rammeavtalar for ulike kulturtilbud som skaper mangfold i Stordsamfunnet
  • vidareutvikla Stord som nynorskhovudstad.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**