Leiing i kommunen

Leirvik, Foto: Geir Angeltveit

Kjenneteiknet på gode einingar er ofte dyktig leiing. Venstre ønskjer at alle kommunen sine etatar skal ha dyktige leiarar som har høve til å følgja opp dei tilsette og einingas behov. Det er stor variasjon i leiartettleik i kommunen, og desse har same ansvar ovenfor tilsette, enten det er ei stor eller lita eining.

Difor vil Venstre:

  • at leiarutdanning skal ha prioritet, skal skje med jamne mellomrom og vera tverrfagleg og tverretatleg
  • at det skal setjast eit mål for kor mange tilsette kvar leiar skal ha ansvar for
  • at leiaravtaler vert evaluert og at det vert sett nye mål kvart år
  • arrangera dialogmøter med politikarane
  • at me som skuleeigarar skal vera varsame med å påleggja eigne kartleggingar i tillegg til dei som er avgjort nasjonalt.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**