Trygge vegar

Veg og sykkelveg i Stordpakken., Stord Kommune

Ved er naudsynt. Men Venstre ønskjer ikkje at vegen skal øydeleggja viktige områder på Stord, difor vil me avgrensa kor og kva vegar me byggjer på Stord.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Trygge vegar og effektiv ferdsel er vårt grunnprinsipp for vegbygging på Stord. Det er ingen tema som har vore så grundig debattert som veg, vegsamband og regionale transportplanar. Det vert førespegla store inngrep i kommunen gjennom nasjonale transportplanar, Venstre vil ha trygge og godt tilrettelagte vegar, men desse må ta omsyn med nærmiljø og nytteverdi.

Statens mål om 110km/t, og 4-felts E39 over Stord vil medføra store negative konsekvensar for inn- eller utmark. Vegvesenet opnar for å avstå frå dette ønskjet visse stader, Stord Venstre vil arbeida for at utbetringa og byggjinga av ferjefri E39 vert tufta på gode miljøomsyn og ikkje rammar friluftsområde eller lokale hovudvegar.

Venstre vil:

  • ha tre knutepunkt på stamtraséen over Stord
  • arbeida for ei sørleg kryssing av Langenuen.
  • at trasé for E39 Heiane – Nordre Tveita ikkje skal skjæra av store delar av Landåsen.
  • at eventuelt nytt ferjesamband til Kvinnherad ikkje skal koma i konflikt med viktige LNF-områder
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**