Fylkesleiar til Førdefestivalen

Foto: Sfj Venstre

2. juli var leiar for Sogn og Fjordane Venstre, Gunhild Berge Stang i paneldiskusjon på Førdefestivalen om “Festivalen si rolle i lokal samfunnsutvikling”

Førdefestivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Den er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. Første festivalen vart arrangert i 1990. Førdekonferansen blir arrangert som ein del av festivalen. Konferansen fant sted på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

“I Norge har vi uvanlig sterk tillit til kvarandre og samfunnet. Men frivilligliv og deltaking i samfunnslivet er i endring. Kva skjer med samfunnet vårt som ein konsekvens av dette? Kan endringane påverke viktige fundament i samfunnet vårt, som ytringsfridom og høve til å ytre seg? Og vil nye norske borgarar vere ein del av denne frivilligkulturen?” Dette er nokre av temaene som vart diskutert på konferansen.

Konferansen hadde og fokus på festivalen og kulturlivet som katalysatorar for lokal kultur- og samfunnsutvikling. Dette er tema Gunhild er svært opptatt av, spesielt etter å ha vore leiar for Noregs Ungdomslag og vore politsk engasjert. Ho har og stor erfaring på både lokalt og nasjonalt nivå med frivillig arbeid og mobilisering av folk. I følge festivalen gjorde dette at ho var veldig aktuell og passa bra inn i diskusjonen. Dei andre i samtalen var: Bjørgulv Vinje Borgundvaag og Trude Storheim fra Vossajazz.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**