Miljø

Miljøet er viktig for Stryn Venstre. Som nasjonalpark- og reiselivskommune er det viktig for Stryn å ha ein sterk miljøprofil. Stryn Venstre jobbar for ei framtid med eit godt miljø for befolkninga i Stryn kommune. Å redusere utslepp til jord, vatn og luft må gjerast på lokalt nivå.

Stryn Venstre meiner at

-Stryn kommune skal vere ei føregongskommune for grøn vekst

-eit godt lokalt tiltak er å legge til rette for god kollektivtransport og legge til rette for el-bilar til bruk i kommunal tenesteyting.

-klimaendringane gjer at Stryn kommune må vere førbudd på alle nivå for å kunne møte det som endra klima fører med seg.

-lokale utviklingsplaner må ta vare på grøne sentrumsområder med gode turmoglegheiter og setje krav til estetikk for nybygg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**