Næringsliv

Stryn kommune har eit variert næringsliv. Dei viktigaste næringane er industri, landbruk, reiseliv og kommunal tenesteyting.

Stryn Venstre

-ynskjer ikkje å auke eigendomsskatten.

-vil støtte næringslivet sine ynskje om lærlingtilgong og utdanning av framtidig ny arbeidskraft.

-meiner reiseliv er ei av dei viktigaste vekstnæringane for framtida.

-meiner landbruksareal må sjåast som næringsareal og at landbrukspolitikk også er næringspolitikk.

-vil spele oppover i forvaltninga og den politiske administrasjonen ynsket om og trongen for gode, langsiktige og stabile rammevilkår for heile næringslivet.

-vil særleg støtte småverksemder og nyetableringar der kommunen har rom til å gjere det.

-vil legge til rette for attraktive tomter i -og ikkje minst utanfor – Stryn sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**