Trine på Osterøy

Partileiar Trine Skei Grande og Kjersti I. Vevatne, Osterøy Venstre, Foto: Eirik Brautaset

Den 8. juni var Trine Skei Grande på snarvisitt i kommunen. Ho kom til Norsk Målungdom sin sommarleir 2015 som vert arrangert på Osterøy, og snakka om arbeidet for å få på plass ei norsk språklov. For oss i Osterøy Venstre er det svært kjekt å få høyre ein partileiar som snakkar varmt om språk som kulturarv, og kor viktig språkleg identitet er. Dette vart eit inspirerande møte for vårt arbeid lokalt med språk -enten det gjeld nynorsken sin posisjon hos oss, eller språkopplæring for innvandrarar. Me stør opp om det gode arbeidet som Norsk Målungdom gjer, og ønskjer dei ein god sommarleir vidare i vår kommune!

Trine hos Norsk Målungdom
Trine hos Norsk Målungdom
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**