Venstre sikrar vegar i indre Hordaland

Foto: Astrid Rongen

Du har truleg fått med deg at det blir asfaltert på fleire av fylkesvegane i indre Hordaland i sommar? I Voss m.a. mellom Bulken stasjon og Vestbygdi, og vegen frå Nedkvitne til Norheim, i Kvam i Steinsdalen og i nærleiken av Vikøy, i Ullensvang frå Utne og vestover, og vidare fleire strekningar mellom Utne og Odda, i Jondal i veg mot Austrepollen.

Det skjer fordi Venstre saman med Høgre og FRP valte å setja av 100 millionar til asfaltering i fylkesbudsjettet for 2015, ein auke på 60 mill frå 2014! . I tillegg gir auka statsmidlar m.a. mykje ny asfalt på riksveg 7 langs Hardangerfjorden og over Vidda.
Like fullt klarer Arbeiderpartiet og resten av opposisjonen å kritisera fylkesløyvinga. «Asfaltkameratane» er uttrykket dei nyttar. Dette gjer dei sjølv om me veit at fylkesvegane i Hordaland er blant dei dårlegaste i landet.

For Venstre er det sjølvsagt å prioritera vedlikehald og sikra grunnleggjande infrastruktur. I åresvis har fylket blitt sveltefora av den raudgrøne regjeringa. No har me endeleg noko meir pengar til å vedlikehalda vegane som nyttetransporten; lastebilane, bussane, ambulansane, politibilane, brannvesenet, og vanlege folk køyrer på – og gode vegar er ein føresetnad for å ha eit konkurransedyktig nærigsliv. Miljøpolitikken til Venstre baserer seg m.a. på å gjera vegane så gode at folk kjenner seg trygge når dei kjører der.

Torstein Gunnarson, Voss

5.kandidat for Venstre ved fylkestingvalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**