Venstre prioriterer kystvegen

Foto: Marit Gjerstad

Avstanden mellom Florø og Måløy er kortare enn mellom Florø og Førde, men på grunn av mangel på vegsamband tek det 3 gonger så lang tid å køyre! For næringslivet er dette krevjande, og tid kostar pengar.

Som næringsparti er Sogn og Fjordane Venstre opptatt av å stimulere til verdiskaping, og i vårt fylke heng næringspolitikk og samferdslepolitikk uløyseleg saman. Skal næringslivet vårt klare å yte sitt maksimale i eit fylke med store geografiske utfordringar og høge transportkostnader, ser vi det heilt naudsynt å ha ein samanhengande veg mellom Ålesund og Bergen.

Nesten alle kystkommunar i Sør-Norge har vekst i folketalet, med unntak av Sogn og Fjordane der 7 av 9 kystkommunar har nedgang i folketalet. Denne utviklinga må vi ta tak i.

Sogn og Fjordane Venstre går til val på at vi vil setje ungdom først. Vi vil at ungdom skal velje Sogn og Fjordane når dei skal etablere seg. Skal vi få til det så treng vi arbeidsplassar, og her meiner vi at kystvegen, gjennom vår ressurssterke kystregion, kan spele er viktig rolle. Mindre stader er avhengige av gjennomgåande trafikk. Med ein kystveg kan vi knyte dei saman til eit større bu- og arbeidsområde. Det er nettopp dette kommunereforma handlar om. Verken avleggse kommunegrenser eller dårlege samband skal stå i vegen for å utvikle attraktive bu- og arbeidsmarknader. Ikkje minst vil kystvegen gje ungdomen vår fleire val når det gjeld val av vidaregåande skule, utan å måtte flytte på hybel.

Kystvegen
Foto: Kystvegen.no

Sjølv om deler av næringslivet vårt vil vere oljerelatert i framtida, så er det ikkje tvil om at næringslivet i stadig raskare tempo står framfor det grøne skiftet. Her har næringslivet på kysten vår store konkurransefortrinn, med enorme fornybare ressursar innan energiproduksjon og marine næringar. Kysten har i tillegg eit høgkompetent næringsliv og grundarar som er villige til å ta risiko. Kystvegen handlar om å gje desse næringane gode rammevilkår, skape større marknader, gje rimelegare transport, med andre ord gje nye moglegheiter. Kystvegen er også med på å gjere våre attraktive reisemål langs kysten langt meir tilgjengeleg for turistar.

Kystvegen vil vere ein ny giv for folk og næringsliv i heile Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Venstre vil halde fram kampen for å realisere kystvegen.

Gunhild Berge Stang, Fylkesordførerkandidat, og leiar for Sogn og FJordane Venstre
Gunhild Berge Stang, Fylkesordførerkandidat, og leiar for Sogn og FJordane Venstre

 

Gunhild Berge Stang

Fylkesordførarkandidat for Sogn og Fjordane Venstre

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**