Valprogram 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Vår visjon

Vindafjord skal vera ein bra stad for deg og dei du bryr deg om. Borna våre skal ha ein god oppvekst og dei eldste ein verdig alderdom.

Du skal bli inspirert og stolt av å bu i Vindafjord. Kommunen skal heia fram gründerar, nye næringar og grøne arbeidsplassar. Her skal det vera rom for eit spanande kulturliv og eit rikt friluftsliv.

I Vindafjord skal me ta vare på
det beste og viktigaste me har, og vern av miljø og natur er ramma for dette.

Venstre tar ansvar.

Venstre set folk først!

Venstre satsar på skulen

Det å sikra ein trygg og god oppvekst for alle born er ei av dei viktigaste oppgåvene me som fellesskap må løysa.

Ein god oppvekst varar livet ut. Venstre vil gi alle born i Vindafjord ein trygg og god oppvekst.

Venstre vil:

  • jobba for full barnehagedekning
  • vurdera gratis kjernetid i bornehagen for lavinntektsfamiliar
  • styrka helsesøstertenesta
  • arbeida for fridomen til læraren til å sjå kvar enkelt elev
  • ha eit fokus på psykisk helse i skulen

Grønt skifte og grøn vekst

Me står framfor eit skifte i tida. Venstre er opptatt av at det skiftet skal vera så grønt, så mjukt og så effektivt som mogleg. Løysinga er å oppfordre til grøn vekst.

Ved å gjere det lønsamt og behageleg vil det vera enkelt å bidra til det grøne skiftet. Me trur òg at dei bedriftene som er best på miljø vil òg vinne i konkurransen i marknaden.

Venstre vil:

  • oppretta timesbuss langs E134
  • oppretta eit klimarekneskap i kommunen
  • leggja til rette for grøn vekst
  • avbyråkratisera oppstart av nye bedrifter
  • jobba for å gi gründerar betre tilgang på risikovillig kapital
  • arbeida for fleire læreplassar, spesielt innanfor grøne område

Eit levande kulturliv

Eit levande kulturliv gir folk i
alle aldrar betre livskvalitet og stimulerer til nysgjerrigheit, krea- tivitet og mangfald. Støtta til kultur og idrett må både sikra dei gode talenta og den store breidda.

Lokale lag og foreiningar spelar ei svært viktig rolle i samfunnsut- viklinga. Dei er pådrivarar i form av å utvikle nye tiltak og ved å koma med forslag til korleis lokalsamfun- net bør endrast.

Frivillig arbeid er ein dei viktigaste ressursane ein har for å byggja eit levande og inkluderande lokalsam- funn og å setje nye idear ut i livet.

Venstre vil:

  • fjerna arbeidsgivaravgifta for lag og organisasjonar
  • auka støtta til frivillige lag og foreiningar
  • styrka kulturskulen