Godt møte med Abid Raja

Venstre

Gloppen og Eid Venstre hadde laurdag 1. august eit godt møte med Venstres nestleiar i transportkomiteen på Stortinget, Abid Raja.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Temaet var naudsynte samferdsleinvesteringar i Nordfjord. Ordførarkandidat Ragnar Eimhjellen og andrekandidat Bjarte Gangeskar møtte for Gloppen Venstre. Raja fekk mellom anna overlevert eit brev frå dei lokale Venstrelaga. Brevet kan du lese i det følgjande:

 

Til Nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen, Abid Raja (Venstre)

 

E39 Byrkjelo-Sandane-Nordfjordeid: Handlekraft no!

  • E39 Byrkjelo-Sandane-Nordfjordeid vil vere E39 – hovudvegen nord/sør på Vestlandet – i mange år framover.
  • Vegen vil for all framtid vere ein viktig, sterkt trafikkert veg. Det vil også vere kortaste veg frå ytre/midtre Nordfjord og ytre Søre Sunnmøre til Sogn, Oslofjord-regionen og vidare mot Danmark/kontinentet – gitt at Hemsedal blir prioritert aust/vest samband slik SVV vil.
  • E39 Nordfjordeid-Sandane-Byrkjelo er i dag ein “berg og dalbane-veg”: God standard på deler av strekninga, men også uakseptable flaskehalsar/knip/standardbrot:
  1. Ferjestrekninga E39 Lote-Anda – betre ferjetilbod i 2016 og 2017! Det kjem 20-minutts-avgangar med nullutsleppsferjer frå 1.1.2018 – det er eit viktig gjennomslag for Venstre, som “over natta” vil kutte reisetida på E39 med 10 minutt. Vi er likevel uroa over nye signal om at Fjord1 vil setje inn ferjemateriell med dårlegare standard enn i dag i 2016 og 2017 fram til nytt anbod slår inn – og at det er “hol” i rutetabellen midt på dagen: Ingen avgangar mellom 12 og 13 på eit viktig ferjesamband midt på E39! Desse sakene vil vi at du skal ta opp med Samferdsleministeren.
  2. E39 Byrkjelo-Sandane – opprusting no. Ei strekning med stygge knip/flaskehalsar og smal veg. Flaskehalsane må utbetrast straks – vi har ingen tid å miste! SVV seier ein kan gå rett på reguleringsplan berre dei får klarsignal. Vi ønskjer at klarsignal for å starte planlegging av utbetring flaskehalsar Sandane- Byrkjelo blir gitt straks. Dette har også full støtte i Stamvegutvalet for E39 i Sogn og Fjordane og i alle politiske parti i fylket.
  3. E39 Lotetunnelen. Tunnel med høgdebegrensing og nedsett fart som ikkje held stamvegstandard, og uansett må oppgraderast innan 2019 for å oppfylle TEN-krav. Nødvendig med strossing eller ny tunnel. Ny tunnel er det mest framtidsretta.
  • Næringslivet i regionen treng tiltak og handlekraft no! Desse strakstiltaka er gode, verdiskapande investeringar uavhengig av framtidig E39-konsept i indre

 

Andre viktige vegsaker for vekst og utvikling i vår region:

    • SD/KMD må snarast stadfeste Eid kommune sin nye arealplan der det er lagt inn areal til framtidig ferjefri kryssing Lote-Anda, og avvise SVV si motsegn til planen.
      • Kommunene Eid/Gloppen må kunne arbeide med planer om ferjeavløysing Lote-Anda på lik linje med riks- og fylkesvegnettet elles. Ferjefri kryssing Anda-Lote vil gi sterk vekst, større bu- og arbeidsmarknadsregionar og sterk effektivisering av offentleg sektor i heile regionen.

 

  • Det skal sterke regionale/nasjonale interesser til for at ein statleg etat skal legge ned motsegn mot ein kommunal plan. Er det ei sterk regional/nasjonal interesse å hindre at det blir arbeidd for å erstatte ferja Lote-Anda med bru? Fylkesmannen støttar Eid kommune og innstiller på at kommunen får legge inn areal til framtidig brufeste i arealplanen – SD/KMD må stadfeste dette snarast.

 

  • Få avklart same vilkår for ferjeavløysing på riksvegnettet som på fylkesvegnettet (40 år).
  • Rask igangsetting av eit pilotprosjekt på Vestlandet med ny flytebruteknologi for å kutte kostnader med ferjeavløysing.
    • At SVV opnar for å prøve ut ny flytebruteknologi, er viktig for heile Vestlandet!

 

Veg skaper vekst! Veg no skaper vekst no – veg om 10-15 år er for seint for våre kommuner og vårt næringsliv!

 

Gloppen og Eid Venstre, 1. august 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**