Kva sa Venstre om Rydøla

Foto: Luster Venstre

Sogn Avis har hatt stor spalteplass om kraftutbyggingssaker i Luster den seinare tida, spesielt om Rydøla, som vart handsama i siste møte i Luster kommunestyre. Sidan Venstre har sterkt engasjement i slike saker og Sogn Avis knapt har referert Venstre sitt innlegg og framlegg i kommunestyret, ber eg om spalteplass for det viktigaste i Venstre sitt innlegg i saka om Rydøla.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Venstre fremja mindretalsframlegget frå formannskapet om at Luster kommunestyre rår ifrå at det vert gjeve konsesjon for bygging av Rydøla. Grunngjevinga var grundig og godt dokumentert av rådmann og trong såleis ikkje meir argument for framlegget.

Dette var elles i tråd med Venstre sine tidlegare standpunkt der ein har sagt NEI når kraftutbygging er konfliktfylt og når fleire faginstansar og organisasjonar meiner at summen av dei negative konsekvensane er større enn føremunane. Eg sa også i innlegget at Venstre synest det er leitt at det store fleirtalet (alle dei andre partia) i kommunestyret så lett seier JA til konfliktfylte utbyggingar når:

  • Det er stort overskot på kraft i Norge og Luster har framleis potensial for meir kraftproduksjon både i eksisterande og andre nye utbyggingsprosjekt
  • Kraftprisen er historisk låg og økonomien er marginal i fleire prosjekt
  • Ein kan gje høve til framtidige generasjonar til også å byggja nye kraftverk, og då truleg med betre teknologi og økonomi enn i dag

Eg minna kommunestyret på at Rydalsfossen hadde ein særeigen kvalitet og den einaste utan vassmengderegulering frå tidlegare kraftutbyggingar, godt synleg langs hovudvegen innover Jostedalen og difor bør ikkje dette endrast no.

Eg kommenterte også at nok ein gong så fekk Venstre i Luster ikkje støtte frå Arbeidarpartiet som hevdar å vera eit miljøparti slik Venstre er. Men det overraska meg heller ikkje at Arbeidarpartiet også av og til er delt i viktige miljøsaker der Luster Venstre med sine to representantar er samde og tydelege på desse sakene.
Ofte må Luster Venstre fremja viktige miljøsaker og til dels må stå åleine, men Venstre vil gjerne utgjere ein skilnad i høve til andre parti i kraftutbyggingssaker og andre utfordrande saker om bruken av våre naturressursar, herunder og bruken av dyrka mark.

 

 

Jon Ove Lomheim, gruppeleiar for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**