Mageplask av Luster AP

Jon Ove Lomheim, Fotograf Vidar Helle

Odd Atle Stegegjerdet hevdar i Sogn Avis sist laurdag at «den gedigne bustadsatsinga i Gaupne eksisterer ikkje» og «det største opposisjonspartiet skal synleggjera meir trøkk». Dette reknar eg som eit stort mageplask i Arbeidarpartiet sin valkamp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Eg har vore med i Lustrapolitikken omtrent like lenge som Stegejerdet, men kan ikkje minnast at det har vore meir prioritering av planarbeid for fleire bustadtomtar enn i denne kommunestyreperioden. Det er med ny arealplan lagt til rette for opp mot 200 bueiningar i Gaupne. Det er beklageleg at ein no er komen i mangel av tomtar i Gaupne, slik ein mellom anna har hatt på Hafslo. Det må Arbeidarpartiet ta på «eiga kappe» frå førre kommunestyreperiode då dei sjølve var i «posisjon». Mellom anna måtte det nye kommunestyrefleirtal få oppheva rekkjefølgjereglar vedteke av Krf+AP med knapt fleirtal og som la hinder vidare bustadbygging.

Det er provoserande av Stegegjerdet å hevda at «jordvernet har for sterk stilling» når det er nettopp dyrka mark som er teke til nye bustadområde i Gaupne. Arbeidarpartiet må ta innover seg at kommunesenteret totalt sett har avgrensa areal og med svært verdifullt jordbruksareal. Difor må utnyttingsgraden i Gaupne aukast. Dette har Arbeidarpartielt i altfor lang tid i «posisjon» forsømt seg på, mellom anna må det tillatast meir bygging i høgda og då spesielt i «sentrumsnære» område. Venstre vil som i denne perioden, søkje samarbeid i neste periode for høg arealutnytting i Gaupne og eit jordvern for heile kommunen som heller er betre enn i dag.

Det er elles underleg at Arbeidarpartiet varslar meir «trøkk» for meir bustadareal no i valkampen etter at eit kommuneplanarbeid i over 3 år vart avslutta for knappe 3 månad sidan. Arbeidarpartiet har ikkje hatt noko framlegg om meir bustadareal enn det som er vedteke. Er strategien for Arbeidarpartiet å vinna saker i media framfor politisk arbeid i formannskap og kommunestyret ? Venstre har i så fall hatt motsett strategi både i opposisjon og i posisjon, og vil framleis prioritera det og vil dermed oversjå mange utspel for «galleriet» av Arbeidarpartiet.

 

Jon Ove Lomheim Førstekandidat for Luster Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**