Venstre held orden på ting i Vestnes.
EIN GOD SKULE
Venstre vil arbeide for:
- At Vestnes kommune skal ha ein målretta handlingsplan for skulane.
- Å oppretthalde strukturen og talet på skular slik vi har det i dag.
- Å skape arbeidsro i skulen.
- Å satse på læraren og kunnskap.
- Å skape balanse mellom ressurstilgang og pedagogisk kvalitet slik at alle elevane får undervisninga dei har krav på.
BARNEHAGE
Venstre vil arbeide for:
- Full barnehagedekning og høg kvalitet på det pedagogiske arbeidet.
- At det blir to barnehageopptak i året.
- At alle skal ha det trygt og kjekt i barnehagen.
HELSE OG REKREASJON
Venstre vil arbeide for:
- Å styrke helsesøstertenesta i skulen.
- Å støtte opp om tiltak som gir turglede, fysisk aktivitet og naturopplevingar.
- Å styrke tiltak som verkar positivt inn på rusførebygging og psykisk helse.
- Å følgje opp den interkommunale legevaktordninga.
SAMFERDSEL OG TRYGGE VEGAR
Venstre vil arbeide for:
- Å styrke kollektivtrafikken og gjere kommunikasjonen betre både innanfor kommunen og til våre nabokommunar.
- Godt vedlikehald av dei kommunale vegane.
- Å styrke budsjettet til trafikktryggingstiltak m.a. veglys og bygging av gangog sykkelvegar.
- Å halde fram med fire ferjer over Romsdalsfjorden, medan vi ventar på andre samferdselsløysingar.
- At trafikktilhøva ved Furneset må betrast både for harde og mjuke trafikkantar.
- At trekantsambandet med hurtigbåt på Romsdalsfjorden vert oppretthalde når Tresfjordbrua er ferdig.
- Ingen bommar rundt Tresfjorden.
- At krabbefelt frå rundkøyringa ved Tresfjordbrua må komme, samt at krabbefelt på begge sider av Ørskogfjellet må byggast snarast mogleg
NÆRING
Venstre vil arbeide for:
- Å skape gode rammevilkår for næringslivet.
- Å bruke næringsfondet aktivt.
- Å stø opp om eksisterande bedrifter i kommunen vår.
- Å styrke reiselivet.
- God tilgang på utbyggingsklare næringstomter.
GI ELDRE EIN GOD ALDERDOM
Venstre vil arbeide for:
- Å støtte ulike trivselsskapande og helsefremjande tiltak som dans, svømming, trim og dagsenteraktivitetar, også via private aktørar.
- Å styrke heimehjelpsog heimesjukepleieordninga.
- Å arbeide for mindre bueiningar med fellesareal for eldre.
- Å behalde kortidsavdelinga ved sjukeheimen.
- Å behalde Tresfjord trygdeheim som ein trygdeheim og samle sjukeheimsog dementplassane på Helland.
KULTURSATSING
Venstre vil arbeide for:
- Å støtte positive aktivitetar både for barn, ungdom og eldre.
- Aktiv bruk av Frivilligsentralen.
- Å støtte opp om eit brukarvennleg og aktivt bibliotek.
- Å ha ein god kulturskule.
- Å støtte opp om bygging og vedlikehald av idrettsog nærmiljøanlegg.
- Å støtte opp om dei kulturhusa vi har i dag.
- Å følgje opp sentrumsplanen.
NATUR OG MILJØ
Venstre vil arbeide for:
- At Vestnes kommune skal ta miljøomsyn i alle vedtak som gjeld drift, vedlikehald og investeringar.
- At ulovleg deponert avfall som t.d. bilvrak og anna søppel vert fjerna.
- Å forvalte verneog friluftsområda våre, slik at kvaliteten vert bevart og dei blir ei kjelde til gode opplevingar.
INTEGRERING
Venstre vil arbeide for:
- Å ta ansvar for å busette flyktningar i tråd med statlege signal og kommunal kapasitet.
- At dei med vedtak om opphald slepp å vente for lenge i mottaka, gjennom å styrke arbeidet med rask busetting og integrering.
BUSETNAD
Venstre vil arbeide for:
- Å få utflytta ungdom til å vende heim att.
- At det er attraktive tomter i alle bygdelag.
- Aktive bygdelag og eit framtidsretta sentrum.
- Å skilje mellom industriog buområde slik at desse kan utviklast kvar for seg.
ØKONOMI
Venstre vil arbeide for:
- Å medverke til at kommuneøkonomien skal vere robust og forutsigbar for å møte framtidige utfordringar.
- Å finne alternativ til eigedomsskatten. Fjernar vi eigedomsskatten no, vil dette få alvorlege konsekvensar for dei svakaste i lokalsamfunnet vårt.
KOMMUNEREFORM
Venstre meiner at:
- Innbyggarane må bli orienterte på ein enkel og lett oversiktleg måte der dei ulike alternativa blir målte opp mot kvarandre.
- Innbyggarane må bli involverte i prosessen kring ei eventuell kommunesamanslåing.
- At Vestnes kommune må bruke ei utvida høyring/spørjeundersøking for å få fram innbyggarane si meining.