E18 er eit godt kompromiss

Jan Kløvstad Venstre er for ny E18 mellom Tvedestrand og Arendal, slik den nå er både grundig planlagt og einstemmig vedtatt i Arendal bystyre. Vi har som kjent arbeidd lenge for denne vegen. For Venstre er dette viktig:

Vi har kjempa for møtefri E18 med null dødsulykker og ulykker med alvorleg skadde. Kompromisset blei fire felt.

Vi har kjempa for kystnær E18, slik at vi kan få vekk trafikk frå kystveien Krøgenes-Barbu der folk slit med støy, støv og dårlege buforhold.

Vi har sagt nei til ny E18 innanfor dagens E18, fordi vi vil bevare dei største samanhengande naturområda i distriktet heilt inn til Nidelva. Ein indre trasé utanom vassdrag, reservevatnkjelder, dei mest verdfulle viltområda med meir ville gi ny E18 i retning Fosstveit-Nes Verk-Granestua-Libru. Dette ville føre til at Stoa strekker seg til Libru og øydelegg enda meir natur, og Arendal sentrum ville bli enda meir utarma.

Vi har kjempa for E18 så langt frå barnehage, skole, dyrka og dyrkbar mark, kulturminner, dei mest verdfulle naturområda og bolighus som mogleg, og samtidig nær nok til at folk vil bruke den nye vegen. Den vedtatte traséen er god, for dei aller fleste.

Undervegs har Venstre tapt noen saker: Venstre ser ikkje verdien av tilførselsveg frå Heftingsdalen til Longum og meiner dei pengane kunne vore spart. Venstre blei ståande heilt aleine i bystyret med forslag om å ha kystjernbanetrasé parallelt med ny E18 for å få mest mogleg trafikk over på miljøvennleg jernbane. Venstre og dei fleste andre i bystyret ville helst ha tilførselsveg frå Krøgenes i tunnel til anten Stølen eller Langsæ/Harebakken, men dette blei avvist av Vegvesenet som så dyrt i både bygging og drift at det ville stoppe heile E18-prosjektet. Venstres bystyregruppe og styre har også hatt eige møte med Vegvesenet om dette.

Gevinsten med ny E18 blir: Ein tryggare kvardag for små og store som bur i Arendal og Tvedestrand, og for dei som køyrer forbi. Vi gleder oss til at det ikkje lenger er minst ein alvorleg kollisjon mellom Tvedestrand og Arendal annankvar veke. Med den nye traséen øydelegg vi mykje mindre natur enn alle andre alternativ som har vore framme dei siste 50 åra. Samtidig har Venstre fått regjeringa med på at for kvar krone til veg skal det gå ei krone til jernbanebygging. Også det styrkar miljøet.

Jan Kløvstad

Fylkestingskandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**