Bli kjent med ordførarkandidaten vår

Lena M. Landsverk Sande
Foto: Synnøve Sorthe

Lena Marie Landsverk Sande er 46 år, har vakse opp i Syvde, er gift med Ottar og mor til Astrid Eline, Olav Andreas, Reidar, Mathias og Ingeborg. Familien bur i Almklovdalen, med adresse Åheim. Lena har for tida permisjon frå rektorstillinga si på Åheim, og arbeider no som NAV-rettleiar, i 60% stilling.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Lena kom inn i politikken i 2003, ganske tilfeldig, etter at August Vonheim fekk overtala henne til å stå på liste. Ho var då fullstendig ukjent med den politiske arena, og opplevde ei brå og bratt læringskurve når valet var gjennomført og det var på tide å brette opp ermane. Lena fann seg fort til rette, og trivdes med å vere ein del av kommunestyret i Vanylven. Ho opplevde å bli teken godt vare på, og ho opplevde å bli høyrt, sjølv om ho kom fersk inn blant mange politiske ringrevar. Ho uttrykkjer takksemd til dei som bidro til eit godt politisk klima, noko som var avgjerande for å få opp engasjementet og den vidare interessa for å bidra.

Allereie etter halvgått tid av første periode fekk Lena sjansen til å tre inn i Formannskapet, etter at ei av våre kvinnelege profilar i politikken i Vanylven melde flytting til Ålesund. Sidan dette har Lena fått 6 års erfaring som formannskapsmedlem. Ho har også vore medlem i eldrerådet, og i driftsutvalet, i tillegg til ulike nemnder i høve t.d bulyst og nytt omsorgssenter.

Etter åtte år i politikken valde Lena å ta ei pause, med ynskje om å prioritere familie og rektorjobb, men ho har no sagt seg villig til å tre inn att i politikken, og er klar for å ta over ordførarklubba.

Yrkesmessig har Lena brei erfaring innanfor kommunal drift. Ho flytta heim til Vanylven etter endt lærarutdanning i Volda i 1996, og har undervist både på Myklebust og på Åheim skule, i tillegg til noko vikariering på Eidså og på Fiskå skule. Etter at ho studerte skuleleiing i 2006 vart ho Serviceleiar i kommunen, ei stilling ho hadde fram til ho vart oppmoda av Rådmannen til å verte Stabsleiar. Når så rektorstillinga på Åheim vart lyst ut i 2009 valde ho å søkje på denne, med ynskje om å få nytte kompetansen ho hadde fått gjennom leiarstudiet nokre år tidlegare. Lena har stortrivest i sine ulike roller i Vanylven kommune, og er glad for å ha fått sjansen til å prøve seg i mange ulike funksjonar. Kvar arbeidsplass har tilført nye dimensjonar i eit leiingsperspektiv, og gjer at Lena er trygg på at ho har godt nok grunnlag til å ta på seg ordførarvervet. Ho er samtidig audmjuk for oppgåva, og er innstilt på at det er mykje som skal lærast for å kunne gjere ein god jobb i ein slik viktig posisjon. Men Lena er lærevillig, og ho er svært interessert i Vanylven og vanylvingane, og vonar ho får sjansen til å bli betre kjent med behova og ynskja som bur i dei ulike menneska i dei ulike bygdene i Vanylven gjennom vervet som ordførar.

Hobbyar har det blitt minimalt med tid til, noko ein kan forstå når ein veit at ho er gift med ein lærar og gardbrukar, har hatt fulltidsjobb og drive politikk ved sidan av oppfostring av fem born, som no er i alderen 4-18 år. Pausen frå poltikken var viktig å ta etter to perioder, og har gitt naudsynt tankeflukt og energipåfyll til neste periode. Om tida skulle strekkje til kunne Lena godt tenkje seg å få tid til å drive med amatørteater, vere med i songkor, og ikkje minst: trene! Dette har alt blitt lagt på is ei tid, men ein gong i framtida så må det bli rom for slike interesser, vonar ho.

Politisk brenn Lena for menneska – frå dei små borna i mors liv, til dei pleietrengande eldre på institusjonane. Aller nærast hjartet ligg skulen, og innhaldet den har for born og vaksne. Lena framhevar at ressursen som ligg i einskiltmennesket er umåteleg stor. Ho står fast på at alle kan bidra med noko, og at vi alle treng å bli sett og verdsett som det individet vi er. Sjølv om dei fleste av oss heldigvis har det veldig godt, må vi prioritere å hjelpe dei som treng litt støtte på vegen, og gjere vårt beste for å bidra til eit godt liv for alle. Vi må hegne om den friheita og verdigheita det gir å kunne gjere val i sitt eige liv. Ingen klarar alt, men alle kan bidra med noko. Totalt sett vil vi kunne dra eit tyngre lass om alle tek i litt.

Lena arbeider best saman med andre, og er innstilt på å tenkje breitt i høve samarbeid, også med andre parti. Vi har mange med stort engasjement på liste for Vanylven, og det er tydeleg at komande periode i stor grad kjem til å handle om kommunikasjonar og kommunestruktur. Her meiner Lena at det er viktig å spele på lag, slik at vi saman finn dei beste løysingane. Fleire hovud tenkjer betre enn eitt, og dette må vi fokusere på i tida som kjem.

Vel du Venstre si liste ved kommunevalet i år gir du di stemme til Lena som ordførar. Ho lovar ikkje gull og grøne skogar, men lovar å stå på, undersøke breitt og ta andre med på råd. Heile vegen med fokus på det beste for Vanylven og våre innbyggjarar.

Di stemme tel! Godt val!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**