HSH er vår korteiste kompetanse

Mot straumen, Foto: Thomas Leuthard, Creative Commons.

Kalenderen vrir om seg og me forlatar sumarmodus. Studenthyblar og kjellarleiligheitar vert utsmykka av lokale og tilflytta studentar og studiner som med iver skal byrja på høgskulen vår

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

pensumbok

I eit innlegg onsdag etterpør rektor Liv Reidun Grimstvedt og direktør Tage Båtsvik ved HSH kva ambisjonar og tankar oss lokal- og regionspolitikarar måtte ha ovenfor Høgskulen, og ber oss ha blikket på livslang læring.

HSH er vår lokale leverandør av lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar m.m. Høgskulen står for grunnopplæringa innan fagområder som er viktige for regionen, og dei er ein svært sentral leverandør av etter- og vidareutdanning.

Venstres mål er at færre mennesker vert ståande utanfor arbeidslivet fordi dei manglar grunnleggande utdanning

Utover å vera eit tilbod for studentar lokalt kjem det studentar frå heile landet og lenger. Der er HSH med og drar impulsar til regionen vårt. På lik line er det vårt ansvar som fastbuande og folkevalde å skapa attraktive kommunar kor studentane kan tenka seg å studera, arbeida og slå røter. I Stord Venstres program er Stord som studentby ein del av vår byutviklingspolitikk der me ser på kva tilbod me har til studentar av sumarjobbar, prosjektoppgåver mm. Ein attraktiv kommune er med og trekk til seg fleire studentar og fleire søkarar til utlyste stillingar.

Student

På grunn av endringar i petroleumssektoren vil mange trenge gode omskuleringstilbod i åra framover, Venstres mål er at færre mennesker vert ståande utanfor arbeidslivet fordi dei manglar grunnleggande utdanning, eller av di dei ikkje får høve til å omstilla seg i nye arbeidsoppgåver. Stord og regionen mellom «bukken og bjørnen» er sårbar, då er det enda viktigare å vareta Høgskulen si rolla her. Saman med våre partikollegaer i Haugesund og omegn ønskjer me eit bredt regionalt samarbeid for å bidra til eit variert etter- og vidareutdanningstilbod som både i innhald og i organisering er i tråd men kommunanes behov. Stord Venstre vil også arbeida aktivt inn mot sentrale styresmakter for å sikra at midler til etter- og vidareutdanning i større grad tildelast kommunane.

Tilbake vil eg utfordra Høgskulen på kva dei ønskjer å vera, og å kome med krav og ønskjer til oss folkevalde. Stord Venstre vil samarbeida med Høgskulen Stord/Haugesund om korleis me utviklar regionen vår vidare, det er vårt ansvar å gjera kommunen attraktiv, og det er vårt felles ansvar å utdanningstilbod tilgjengeleg når me skal bygga framtida.

Mvh,
Geir Angeltveit
Ordførarkandidat Stord Venstre
3. kandidat til fylkestinget Hordaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**