Justert vegstrategi for Radøy

Kenneth Murberg

Høyre, Venstre, KrF og FrP er samde om ein justert vegstrategi. Dette som følgje av at det på generalforsamlinga i Sambandet Vest vart lansert ein strategi for framskunding av tverrsambandet. Partia vil at Nordhordlandspakken og Sambandet Vest i større grad enn tidlegare må sjåast i ein heilskap, og er samde om følgjande som vil verte fremja i ein interpellasjon i kommunestyret i haust:

  • Ved å finansiere ein ny tversgåande trase Soltveit-Hella gjennom Sambandet Vest, kan fv 565 Soltveit-Marås verte bygd etter reguleringsplanen med finansiering frå Nordhordlandspakken (NH-pakken). Vegen vert bygd for å leie trafikken utanom bustadområda på Sletta.
  • Arbeid med regulering av ny vegtrasé Bø – Manger – Bognostraumen, inkludert forgreining/arm i nord (Soltveit-Hella) og sør (Lundsåsen), vert starta opp så snøgt som mogeleg med sikte på ein vestre ringveg i Nordhordland.
  • Bygging av denne vegen vert prioritert framfor vidare bygging av fv 565 Marås – Tolleshaug, som ikkje er finansiert i NH-pakken.
  • Marås – Tolleshaug vert etter kvart bygd med utbetring av eksisterande veg Marås – Lundsåsen til tofeltsveg og fortau/gangveg, og vidare med ny løysing for Lundsdalen i tråd med reguleringsplan.
  • Armen til Manger over Hallandsvatnet i reguleringsplan for fv 565 vert skrinlagt.

Hovudpoenget vårt er knytt til dei store føremonane med å tenke nytt rundt ein vestleg nord-sør akse i Nordhordland med bru over Bognostraumen og veg på austsida av Meland til Flatøy. Våre estimat viser at dette kan gi ei tidsbesparing i reisetid på 10 minutt til Bergen frå Manger og Bø samanlikna med den vedtene reguleringsplanen for fv565. Dette framlegget registrerer me stor tilslutnad til både hjå innbyggjarar på Radøy og hjå ulike parti i Meland kommune, og at det vert arbeidd vidare med dette i styret i Sambandet vest.

Utviklingskrafta i Hordaland avheng i stor grad av reisetid til Bergen, og ei nedkorting av denne vil vere avgjerande for framtidig utvikling av Radøy. Hovudproblemet med den vedtekne reguleringsplanen for fv565 frå Soltveit til Tolleshaug med arm til Manger er at den ikkje gir nokon særleg nytteverdi for dei tre største sentraene Manger, Bø og Austmarka/Sæbø. Dessutan vil Alversund-området verte ein flaskehals uavhengig av ny Alversundbru med den utbygginga som er planlagt.

Partia Høyre, Venstre, KrF og FrP på Radøy vil understreke at strekninga Soltveit-Marås står på eigne bein som eit viktig tiltak for trafikksikring og som miljøtiltak for å leie trafikk vekk frå bustadområde. Partia vil fremje ein interpellasjon med dette innhaldet med sikte på å få til eit breitt vegforlik om den vidare strategien til Radøy kommune.

 

 

Les saka i Strilen 19.08

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**