Kultur og frivilligheit

Kulturlivet er sterkt i Ulvik og er meir enn “pynten på kaka”, det er sjølve gjæren i lokalsamfunnet. I lag med det frivillige arbeidet i lag og organisasjonar vert det skapt eit samfunn som Venstre vil utvikle vidare.

Venstre vil:

✔ Fortsetje som ein aktiv støttespelar til Haugesenteret
✔ Vidareføre det gode samarbeidet med lag og organisasjonar i Ulvik
✔ Halde på dei gode bibliotektenestene bygda har
✔ At kulturskulen framleis skal vere god og allsidig
✔ Ha ein aktiv kulturminneplan
✔ Utvikle Ulvik som CittaSlow bygd
✔ Vil stimulere til utvikling av dei festivalane og arrangementa som er, og vere positiv til nye arrangement.
✔ Bruke frivilligheitssentralen som koordinator for sommararbeid til ungdommen i Ulvik

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**